Alle som kjem til Norge etter 1. september 2005 må gjennomføre 300 timar norskopplæring. Opplæringa skal primært gjennomførast i kommunen der vedkomande bur. Personen har tre år på å gjennomføre dette. Da vil vedkomande kunne få busettingstillatelse og norsk statsborgarskap, dersom andre vilkår er oppfylte.
Dersom dei har behov for meir opplæring, kan dei få inntil 2 700 timar i tillegg. Norsk er viktig for å kunne forstå og bli forstått, for å få jobb, utdanning og for å kunne delta i samfunnet.