Stordal Ungdomsklubb

Ungdom i Stordal kommune fekk sin eigen stad å vere, hausten 2004. Dermed var endå eit flott aktivitetstilbod på plass.

Dugnaden ved Stordal Ungdomsklubb starta i september 2003. | Fotograf: Hallgeir Hove
Dugnadsarbeidet ved Stordal Ungdomsklubb, starta opp i september 2003. fotograf Hallgeir Hove

Stordal Ungdomsklubb held til i lokala til tidl. Aarflot Møbler (i Stordal sentrum) og er open for all ungdom frå ungdomsskulealder og til og med 20 år. Aktivitetane starta opp i september 2004, etter at eit omfattande dugnadsarbeid hadde pågått i meir enn eitt år. Lokala er særs innbydande og godt utrusta og det er lagt til rette for ei rad ulike aktivitetar der. Det er aktivitetskveldar to gonger i veka, med vaksenkontakter på plass til ei kvar tid. 

Medlemmane i ungdomsrådet er også ungdomane sine representantar i styret for Stordal ungdomklubb. Styret består elles av ein representant frå kommunen og 2 foreldrerepresentantar. (les meir om ungdomsrådet. Lenke nedanfor)

Bjørg Jacobsen er frå 1. september 2010, tilsett som folkehelsekoordinator i Stordal kommune og vil arbeide tett inn mot ungdomsklubben. I tillegg er ho tilsett som leiar for Stordal frivilligsentral (oppretta september 2010). Stillingsprosent 50/50. 

Bjørg Jacobsen tek over folkehelsekoordinatorstillinga etter Bjørg Moltu, som har vore folkehelsekoordinator sidan august 2006. Moltu vert leiar for "Barnas kommune-prosjektet" og held også fram i jobben som bibliotekar. 

Aktiviteten ved Stordal Ungdomsklubb må kunne hevdast å vere særs god. I tillegg til dei faste klubbkveldane, har ungdomsklubben stått bak ei rad flotte arrangement og prosjekt. Av dei større arrangementa nemner vi dei interkommunale ungdomstreffa, samt StordalsTRØKK, som begge deler vert arrangert i Stordalshallen. (du finn mykje meir om alt dette i nyhendearkivet vårt)

Stordal Ungdomsklubb er rikt utrusta og har også fått på plass eige auditorium/kinorom med flotte kinoseter til over 20 personar.  

 
Kontaktpersonar ved Stordal Ungdomsklubb.
Kontaktpersonar ved Stordal Ungdomsklubb.
Namn:TelefonE-post:
Bjørg Jacobsen 90529164 E-mail
Ida Moltu Staurset (leiar)45204852 E-mail
Hallgeir Hove (kulturkonsulent)90949358 70279123 E-mail
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Hamna og campingen zooma frå Storheimshornet 02.10.2010 | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal hamn 1
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust