Publisert 13.05.2013

Dessverre var det altfor liten interesse for dansekurs med Danseskolen til hausten. Det er kulturskulen som i samarbeid med interesserte foreldre, har kartlagt interessa for slike kurs. Vi burde ha opp mot 80 interesserte, og fekk svar frå berre ca. 15 personar. Så då får vi prøve å friste med noko anna...

Publisert 12.04.2013
hestehov
Er du i tvil om våren er komen? 1. klasse kan gi deg svaret;  - VÅREN ER KOMEN !!!!!!!
I dag var 1. klasse på tur for å leite etter våren, - og i ei solskråning fann dei  eit av dei første vårteikna, - nemleg HESTEHOVEN .





Publisert 17.01.2013
ingrid

Ingrid Røren vart tilsett som lærar i Stordal kommune - ved dåverande Vinje skule - hausten 1972. Ho gjekk over i pensjonistane sine rekker sist sommar - etter 40 års samanhengande teneste som lærar i kommunen. Dette vart markert under ei tilstelling på skulen 3.januar. Det var ordførar Charles Tøsse som stod for overrekkinga - både ei verbal helsing og gåve med tilhøyrande blomster.

Publisert 26.10.2012
Telefon

Vi er etterkvart på plass på nyskulen, og her er telefonnummera som de lettast kan nå oss på heretter:
702 79 170 - Hovudnummer (ringer på alle tre kontora)
702 79 171 - Rektor
702 79 172 - Inspektør
702 79 173 - Rådgjevar
95 80 78 89 - SFO-avdeling
97 53 35 47 - arbeidsrom lærarar 1. - 4. klasse
97 53 35 45 - arbeidsrom lærarar 5. - 7. klasse
91 60 97 20 - arbeidsrom lærarar 8. - 10. klasse

Publisert 21.02.2012
Kalender

Samarbeidsutvalet ved Stordal skule har vedtatt SFO- og skulerute for skuleåret 2012/2013. Slik ser den ut:


Publisert 09.01.2009
medisin
Nokre born vil, tidvis eller permanent, vere avhengige av legemiddel. Ved Stordal skule har det vore vanleg praksis at personalet hjelper til med utdeling av medisin, men lover og regelverk gjer det nødvendig å formalisere dette meir enn tidlegare. Formålet med det arbeidet som no er utført ved skulen, er å medverke til gode rutiner og god kommunikasjon mellom foreldre/føresette og skule/SFO. Dette for å sikre ein god og sikker medisinering av borna i skule/SFO.
Publisert 05.12.2008
Offentleggjering av bilder av barn/elevar på internett er eit problematisk område. Datatilsynet er klar på at slik publisering er likestilt med å gi ut personopplysingar om elevane. På bakgrunn av dette har vi ved skulen vorte nøydd til å sjå på vår eigen prakis og dei retningslinjene vi vil følgje. Som ein konsekvens av dette må foreldra heretter gi skriftleg løyve til at vi kan publisere bilde av deira barn på våre heimesider.
   

Kontaktinformasjon

Stordal skule Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : bjornar.midtbust@stordal.kommu..
Telefon
: 70279170

Skriftstørrelse

a - a - a
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust      Teknisk ansvarleg Bjørnar Midtbust