Bygdebøker og historiske hefter.

Stordal kommune har fått gjeve ut 2 bygdebøker. Det er sogenemnda i kommunen som har hatt ansvaret for dette arbeidet.

Boka "Farne tider" vart gjeven ut i 1989 og er skriven av Jostein Sande. Dette er ei bygdesoge som omhandlar tida fram til 1920.

I 2002 kom band II av Stordalssoga ut. Denne fekk tittelen "Gard og ætt" og er skriven av Liv Randi Bjørlykke. Dette er, som tittelen syner, ei ættesoga og ho tek føre seg tida frå 1801 og fram til 1920.

Les om bygdebøkene og kulturminne elles, under "Museum og kulturminne" (Kultur)

I 2009 vart også ei rikhaldig samling gamle namn ord og uttrykk frå Stordal, laga av brødrene Karl E og Martin R Moe. Stordal kommune tok seg av opptrykking av heftet og det første opplaget forsvann fort. I ettertid har ein fått på plass ei ny behaldning av det populære heftet slik at den som ynskjer det kan få kjøpt det hjå oss. Prisen for heftet er på kr 120,-. Les meir om det populære heftet her

I 2010 laga brødrene Moe eit nytt hefte under tittelen: "I skuggen av krigen" (Hendingar og bygdefolk sine minne frå krigsåra 1940-45). Pris for dette heftet er på kr 100,-. Les meir om heftet her

Eit tredje heftet i denne serien kom ut i november 2011. Den gongen hadde dei to brødrene fått samla inn endå meir stoff og tok føre seg "Litt om livet i Stordal i eldre tid". Heftet er på 119 sider og kostar kr 160,-. Dei har også teke med litt meir om krigsåra i Stordal, som var tema for hefte nr 2. Les meir om dette her.

Det fjerde (og dessverre siste) heftet i denne serien, er no (30. november 2012) klart for salg. Heftet er på vel 100 sider og her får ein meir, både om Stordal i eldre tid og ein eigen del også her om krigsåra i Stordal. Prisen for dette heftet er kr 150,-. Les meir om heftet her

I 2011 kom Asbjørn Skotte ut med ei rikhaldig bok om Skotet. Denne kan de lese meir om i eigen reportasje. Boka kostar kr 298,-, der kr 100 av dette beløpet vil gå til Stordal Ungdomsråd, etter ynskje frå forfattaren.

Elles har Stordal Sogelag gjeve ut ei rad temahefter og lagt ned eit imponerande arbeid for å ivareta kulturarven vår. For meir om disse hefta og arbeidet til sogelaget, viser ein til heimesida til laget.


Ynskjer du å kjøpe bygdebøkene?
Ynskjer du å kjøpe bygdebøkene?
Kontakt:E-post:Telefon:
Servicekontoretpostmottak@stordal.kommune.no70279100
Bygdebøkene
Bøker:Pris:
"Farne tider" (1989) Stordalssoga band IKr 200,-
"Gard og ætt" (2002) Stordalssoga band II Kr 400,-
Tilbodspakke, som inneheld begge dei to bøkeneKr 500,-
Sogenemnda i Stordal kommune
Namn:E-post:Telefon:
Ragnhild Fauske (leiar) ragnhild.fauske@stordal.kommune.no70278922
Torbjørn Hove torbjorn.hove@mimer.no70278133 95125581
Knut Hove70278159 99701532
Ragnhild Flåen91795632
Knut Vinje (varamedlem)70278034
Hallgeir Hove (sekretær)hallgeir.hove@stordal.kommune.no70279123 90949358
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust