Spelemidlar

Spelemidlar er ei statleg finansieringsordning for følgjande anlegg: ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet, nærmiljøanlegg, rehabilitering av idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv på fjellet, spelemidlar til utstyr.

Generell informasjon:


Søkjarar kan vere kommuner, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar. Det er eit grunnleggjande prinsipp at støtte i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for tenestebaserte eigarformer.

Der ikkje anna er bestemt, vert det gitt tilskot til ordinære anlegg inkludert rehabilitering, på inntil 1/3 av godkjent kostnad. Maks tilskotsbeløp er kr 700.000. Her finst unntak for enkelte kostnadskrevjande anlegg.

For nærmiljøanlegg vert det gitt støtte med inntil 50 % av godkjent kostnad, avgrensa oppad til kr 300.000. Nedre beløpsgrense for godkjend kostnad er kr 50.000,- (tilskot kr 25.000,-). Ein kan søkje om støtte i tre omgangar (byggjetrinn). Maks tilskotsbeløp til eit enkelt anlegg vil altså vere kr 600.000 (godkjent kostnad på kr 1.200.000,-)

(Tidlegare fanst det også ei særskilt ordning for mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Denne ordninga er fjerna f.o.m 2014.)


Prosjektet må vere med i delplanen, som vert rullert kvar haust:

For å kunne søkje om spelemidlar må prosjektet vere med i delplan for idrett og fysisk aktivitet. Planen sin handlingsdel blir årleg rullert, og dermed kan nye anlegg/prosjekt kome med og samstundes kan prioriteringslista då justerast. Aktuelle prosjekt skal meldast inn til kommunen. For at ein skal ha god tid på seg i høve til rulleringsarbeidet, er fristen for å kome med innspel sett til den 1. oktober. Prosjekt som ikkje er komen med i kommunen sin handlingsdel vil heller ikkje kunne motta spelemidlar.


Søknadsfrist:

Alle søknader vert sendt gjennom kommunen. Fylkeskommunen skal ha kommunen sine søknader med prioritering innan 15. januar. Frist for å levere inn søknad til Stordal kommune er difor sett til den 15. november.


Ein må søkje på nytt kvart år:

Tidlegare søknader, både dei som har fått delutbetalingar og dei som ikkje har fått midlar, må fornyast årleg. Ein fyller då ut søknadsskjema på vanleg måte, men ein kan då vise til tidlegare innsendte vedlegg.


Krav til førehandsgodkjenning:

Alle planar må vere førehandsgodkjent før det kan søkjast om spelemidlar, og dette kan skje gjennom heile året. Godkjenningsinstans er for dei fleste prosjekt kommunen. Det er teknisk etat som står for førehandsgodkjenning i samråd med kulturansvarleg. Ein del større anlegg skal departementet førehandsgodkjenne (les meir om dette i retningslinene). Ver då merksam på at ein må rekne med 2 månaders sakshandsamingstid der. Om førehandsgodkjenninga ikkje er innsendt til fylket innan søknadsfristen (den 15. januar) vil heller ikkje søknaden verte handsama der. Vert arbeid sett i gang før førehandsgodkjenning er på plass, er det avslagsgrunn.


Årleg rullering av delplanen:

I Stordal kommune er det etat for dagleg tenestyting som årleg legg fram sak til formannskapet, vedkomande rulleringa av delplanen. Vedtaket i formannskapet blir då difor også ei prioritering av dei ulike anlegga/prosjekta. Frist for innspel i høve rulleringa, er sett til den 1. oktober. Fylkeskommunen gjer vedtak om fordeling i løpet av mai månad.




(for andre tilskotsordningar, sjå menyvalet til venstre på heimesida)

 
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Er dette den finaste i dalen? | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rhododendron på Vinje
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust