I Barnas kommune er det mange gode krefter som dreg i lag for å gje born og unge gode oppvekstvilkår . Lag og organisasjonar gjer ein uvurderleg innsats, og spelar ei vesentleg rolle i det at Stordal kommune profilerar seg som Barnas kommune. Eit stort korps av frivillige skaper eit mangfald av aktivitetar. Det gode samarbeidet mellom kommunen og lag/organisasjonar er og viktig for mangfaldet.
Med prosjektet Barnas kommune skal Stordal og Dyrkorn bli ein endå betre plass å bu for dei som allereie bur her. Vi vil også synleggjere alt det positive som er retta mot born og unge. I Barnas kommune er det plass til fleire, og vi ynskjer at fleire skal velje å busette seg her.
Prosjektet Barnas kommune vart starta opp i 2009. Den fyrste tida vart prosjektet drive av eit reklamebyrå og ei vald styringsgruppe. Hausten 2010 vart prosjektet "henta heim" for i større grad å verte ein del av den daglege drifta. Frå 1. september same året, gjekk Bjørg Moltu inn som prosjektleiar. Prosjektleiar samarbeider nært med dei andre i kulturteamet, samt ei eiga styringsgruppe. Denne gruppa er samansett av politikarar, representantar frå kommuneadministrasjonen og ungdomsrådet. Maria Holand Tøsse har i tillegg hatt fleire oppdrag dei siste åra og sommaren 2011, fungerte ho i stillinga som prosjektleiar.
På Barnas kommune sin heimeside er det nyttig informasjon for både små og store. Link til desse sidene finn du i menyen til høgre.
Du finn også Barnas kommune på facebook. Der kan du også fylje med på mykje av det som røyrer seg for dei yngste.
I Barnas kommune sitt eige magasin kan du lese om mykje av alt det flotte som skjer her i Stordal. Link til alle utgåver av magasinet finn du nedanfor. Sjå elles eigen flott reportasje på NRK Møre og Romsdal her.
nr. 1/2009
nr. 2/2009
nr. 3/2009
nr. 1/2010
nr. 2/2010
nr. 1/2011
nr. 1/2012