Fakta om Stordal

 
  I 2008 hadde 4,2% av innbyggarane i Stordal innvandrarbakgrunn frå vestlege land. Gjennomsnittet for Norge er 2,4%.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   

Stordal frivilligsentral

Logo Stordal frivilligsentral
Logo Stordal frivilligsentral

Stordal kommune vedtok i 2010 å etablere eigen frivilligsentral og den 1. september tok Bjørg Jacobsen til i stillinga som leiar for denne.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2013

Frivilligsentralen vert lokalisert i tilknyting til Stordal Ungdomsklubb. Leiaren for frivilligsentralen vert, i oppstartfasen, å treffe ved kommunehuset. Så snart lokalitetane til frivilligsentralen er på plass, vert ho å treffe der til faste tider. (meir om dette seinare)

Meir om opningstider o.l. framover, sjå her.

Vil du melde deg som frivillig, eller vil du vite litt meir?
Ta kontakt med oss uansett - du er alltid
velkomen!

Bjørg Jacobsen har telefon: 70 27 91 11 (kontor)    90529164 (mobil)

E-post: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no

Frivilligsentralen skal vere med på å gjere Stordal kommune til ein endå betre kommune å bu i ved å stimulere eit uavhengig og mangfaldig frivillig arbeid i kommunen.

Frivilligsentralen skal vere ein pådrivar for frivillige tiltak og utvikle gode samarbeidsmodellar mellom frivillige og offentlege etatar.

Frivilligsentralen skal vere eit bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i lokalsamfunnet, og dei som ønskjer å ta i mot ein slik innsats.

Frivilligsentralen skal vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige lag og organisasjonar og det offentlege.

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpe.

Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruke deg sjølv er den betalinga du får.

Det er kun fantasien som sett grensa for kva som kan gjerast frivillig.
 

Vil DU bruke litt av tida di saman med andre?

Vil DU treffe nye menneske?

Vil DU vere med å realisere idear - både eigne og andre sine?

Kven kan vere frivillig?

Dei frivillige kan vere i alle aldre og med forskjellig bakgrunn. 

Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre.
Du som har blitt pensjonist og kanskje synes dagane kan bli litt lange.
Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske.
Du som er arbeidssøkjar og ønskjer å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingstid.
Du som ønskjer å vere medmenneske.

Kva kan du gjere?

Det er
berre fantasien som set grensene...

Dømer på oppgåver vi kan gjere her i Stordal kommune:

  • Besøksvenn
  • Hente/bringetjeneste innan kommunen
  • Turvenn
  • Praktiske oppgaver som til dømes lett hagestell eller handlehjelp
  • Rådgivningsteneste - har du eit yrke eller ein hobby som kan vere nyttig for andre?
  • Halde kurs
  • Underhaldning/musikk/song på Stordalstunet
  • Følgehjelp til sjukehus, lege, frisør, bank eller liknande
  • Strikkekafè
  • Datahjelp
  • Hjelpe til med arrangement
  • Og mykje, mykje meir

Alle dei frivillige er underlagt taushetsplikt.

Vi gir deg gjerne ein attest etter at du har jobba som frivillig hjå oss.

Kor mykje tid du vil bruke og kva du vil gjere, kan du sjølv bestemme. Det er inga forpliktande arbeidsavtale - dette gjer du av lyst så lenge du ønskjer å halde fram.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggarar som ønskjer hjelpa som frivilligsentralen kan tilby.

Oppgåver vi kan formidle

Kva ein treng hjelp til veit ein best sjølv...
Eksempel på oppgåver du kan kontakte oss for å få hjelp med, kan vere:

  • Ein besøksvenn
  • Frakt til torsdagskafè på Stordalstunet, butikk eller liknande
  • Ein turvenn
  • Følgehjelp til sjukehus, lege, bank eller liknande
  • Praktiske oppgaver som til dømes snømåking, lett hagestell eller handlehjelp
  • Datahjelp
  • Ta kontakt dersom du har spørsmål om noko!

 

Sidan alle jobbar frivillig kan vi ikkje garantere at alle får den hjelpa dei ber om. Men vi kan garantere at vi skal gjere så godt vi kan!

Enkelte jobbar som kan utgjere ein fare for dei frivillige må vi seie nei til.

Alt utstyr som skal brukast av den frivillige må brukaren som hovudregel skaffe sjølv.

Det er eiga landsdekkjande heimeside for frivilligsentralane. Denne finn du her

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust