Krisesenter for Sunnmøre
Dette er et interkommunalt tilbod for kvinner, barn og menn av alle nasjonalitetar som er, eller har vore, utsett for psykisk og fysisk vald. Ein kan vere utsatt for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, ektefelle, barn og barnebarn eller andre. Tilbodet er gratis. Ein kan ta direkte kontakt med Krisesenter for Sunnmøre, og treng ikkje tilvising eller timeavtale. Ein kan få støtte og råd på telefon gjennom både dagtilbod og døgntilbod. Her er eit trygt og mellombels butilbod (aleine eller saman med born).
Vi hjelper med kontakt til naudsynt støtteapparat og skal sikre oppfølging.
Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesund:
Krisesenter for Sunnmøre- avdeling kvinner tlf. 70 16 33 33
Krisesenter for Sunnmøre- avdeling menn tlf. 90 70 74 33
Meir informasjon om tilbodet på nettsida til krisesenteret.
Direkte lenke: http://alesund.kommune.no/sub/krisesenter/