Barneverntenesta har to hovudføremål:
- Å sikre at born og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
- Å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.
Barn skal bu heime så sant det let seg gjere. Når tilhøva i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særskilde behov, kan barnevernet setje i verk hjelpetiltak for å betre barnet sin situasjon.
Det vert lagt vekt på å finne årsaken til vanskane og drøfte desse med foreldre og barn.
Omsynet til barnet sitt beste skal vere avgjerande for kva tiltak som vert sett i verk.
Barnevernet samarbeider med andre faginstansar i kommunen og med spesialisthelsetenesta for å kunne gi best mogleg tilbod til born og unge med behov for tiltak.
Når barnevernet får melding om barn som har bekymringsfull adferd eller som lever under tilhøve som er skadelege, har barneverntenesta plikt til å undersøkje saka for å vurdere om det er behov for tiltak.
Meldingar kan kome frå barnet eller den unge sjølv, frå foreldre eller familie, frå naboar, frå ulike faginstansar med lovmessig meldeplikt m.fl.
Dei mest vanlege hjelpetiltaka er:
- Råd og rettleiing /støttesamtaler med barn og foreldre
- Støttekontakt, miljøarbeidar
- Besøksheim
- Bistand i heimen
- Barnehageplass eller skulefritidsordning
- Tilbod om aktivitet i fritid / ferie Økonomisk hjelp
- Bidra til utdanning eller arbeid
- Henvising til behandling, poliklinisk eller i institusjon
- Fosterheim
- Barne- og ungdomsheim
Barneverntenesta prioriterar førebyggjande tiltak overfor barn og unge som treng det, i tillegg til tiltak for å styrke foreldra si omsorgsevne overfor borna sine.
Berre når førebyggjande tiltak ikkje er tilstrekkeleg, vert det vurdert plassering i fosterheim eller i institusjon. Hvis det i tillegg er behov for omsorgsovertaking, vert saka avgjort av fylkesnemda for sosiale saker, dei ulike partane har bistand frå kvar sin advokat.
Det er Bufetat ( det statlege barnevernforetaket) som er ansvarleg for å skaffe fosterheimar og institusjonsplassar.