Fakta om Stordal

 
  I 2007 var det ei netto innpendling til Stordal kommune på 77 personar
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 16.02.2016

Helsetenestene skal sørgje for nødvendig helsehjelp til alle som bur eller oppheld seg i kommunen.

Helsetenesta omfattar offentleg organisert helseteneste som ikkje høyrer inn under stat eller fylkes­kommune og privat helseverksemd som vert driven etter avtale med kommunen.

Helsetenesta skal
- fremje folkehelse, trivsel og gode sosiale og miljø­messige forhold og søke å førebygge og behandle sjukdom, skade eller lyte.

-ha oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane i kommunen, og spreie opplysning om og auke interessa for kva den enkelte sjølv og allmennheita kan gjøre for å fremme sin egen trivsel og folkehelse.

Helsetenesta vert driven av følgjande fagpersonar:
- Lege
- Fysioterapeut
- Helsesøster
- Jordmor
- Legesekretærar
- Psykisk helsearbeidar

Publisert 26.01.2017
Helsesøster 2barn

Stordal helsestasjon er kun open 10. feburar, 10. mars og 24. mars fram til ny helsesøster er på plass i april.

Ta kontakt med legekontoret på tlf. 70279150 ved behov!

 

Publisert 12.04.2016
Inga Janonyte

Alle har ei psykisk helse. Og alle møter motgang i ei eller anna form på sin vei gjennom livet. God psykisk helse er derfor ingen sjølvfølgje, og vi har ingen garanti mot å bli psykisk sjuk. Men det finnast nokon som kan hjelpe.

Kva er psykisk helsearbeid i kommunen?
Tiltak retta inn mot menneske med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingane hos den enkelte, deira familiar og nettverk.
 
Psykisk helsearbeid er både eit kunnskaps- og praksisfelt og det omfattar arbeid på systemnivå som helsefremmende og forebyggende arbeid, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motvirke stigmatisering og diskriminering. Det forebyggende perspektivet er spesielt sentralt i psykisk helsearbeid med born og ungdom. Psykisk helsearbeid avgrensast mot psykisk helsevern, som omhandlar psykisk helseteneste på spesialisttenestenivå.

Publisert 12.04.2016

Kontoret for psykisk helseteneste er stengt fom 12.04.16 og framover.

Publisert 16.02.2016
legevakt

Frå 04.01.16 er Norddal kommune med i det interkommunale legevaktsamarbeidet.

Det nye namnet vert no: Legevakta i Norddal, Stordal, Vestnes og Ørskog.
Våre nye opningstider vert kvardagar: 15.30-22.00
Laurdag/søndag/heilagdag: 12.00-18.00

Vakthavande lege har vakt laurdag-søndag frå 08.00-22.00
Ålesund legevakt har nattlegevakt frå 22.00-08.00

Telefon 70270300 eller 116117

Publisert 16.02.2016
dinutvei.no

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme mennesker uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kvar hjelpa finnast. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Publisert 20.03.2015

Helsesøster held til i 2.etasje i det nye helsehuset i Stordal sentrum. Helsestasjonen har kontortid tirsdag, onsdag og fredag

Publisert 20.03.2015

Jordmortenesta er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stordal, Skodje, Norddal og Ørskog. Frå 1.juni 2011 fekk vi ny jordmor, Elin Kilvik Skeide. Ho har kontor på helsestasjonen i 1.etg. på Ørskog sjukeheim - telefon 70 27 36 92.

Treffetid: Frå kl. 8:30 til kl. 15:00, onsdag og fredag.

For timebestilling: Telefon: 70 27 01 00 

E-post: elin.kilvik.skeide@orskog.kommune.no


Publisert 04.03.2015

Legetenesta i Stordal heldt til i det nye helsehuset i Stordal sentrum.
Jessica Herje Eik er tilsett som kommuneoverlege

Her finn du informasjon om legevakt og opplysningar om korleis du nyttar legevakta best.

Publisert 12.02.2015

Stordal Fysikalske Institutt.
Åpent kvar dag.
Mandag, tysdag, onsdag,torsdag og fredag : Ove Årdal mobil: 47659565
Tirsdag og Fredag: Marit Leganger Braute mobil: 91347636

Postadr.:Pb. 33, 6259 Stordal.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Gjennom Kokarsteinen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS