Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune hadde i 2008 ein netto folketilvekst på 22 personar. 11 av desse kom frå fødselsoverskot og 11 personar innvandra.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   
Fotograf: Hallgeir Hove
3. og 4. klasse ved Stordal skule iført t-skjorter fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Stordal Turlag
Stordal Turlag på tur til Dyrdalen. fotograf Stordal Turlag
Laksefiske i Stordalselva. Fisk på kroken og spenninga stig.
Stordalselva er kjent som ei god lakseelv og laksen går nærare 7 km fram i elva.

Friluftsliv.

I Stordal kommune ligg alt til rette for eit rikt og variert friluftsliv. For alle som er glade i å ferdast ute i naturen, har ein mykje flott å by på. Uansett årstid og nærast uansett kva ein ynskjer å oppleve, vil ein finne muligheitene her. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.09.2012

Fjellturar:

I Stordal finn du fint turterreng, som eignar seg godt for turar både sommar og vinter. Naturen er variert og utfordrande. I Overøye/Langsæterområdet i Stordal har ein eit svært attraktivt tur- og friluftsområde med stor utfart, særleg vinterstid. Stordal Fjellservice (eiga undergruppe i Stordal IL) syter for eit unikt løypenett med preparerte skiløyper i dette området.

Fjellområda innbyr til lengre turar også utover kommunegrensene, Her er turstiar frå Stordalsfjella til Måndalen, Innfjorden, Tresfjord, Vaksvik og Valldal. Høgste fjellet i området er Seljebotntind på 1531 meter.

Toppturar vert stadig meir populært og også her finn ein mange spanande muligheiter i området vårt. Om du vil vite meir om disse, finn du fleire flotte nettstadar som omhandlar nettopp dette.

For dei som ikkje kan eller ynskjer å legge ut på dei heilt store utfluktene, vil ein også ha glede av å ferdast langs dei tilrettelagte turstiane i meir sentrumsnære delar av kommunen. Innbyggjarane i kommunen har stor glede av å kome seg ut på tur, noko turkonkuransen i Friluftslivets År 2005 er eit godt bevis på.

Både Stordal Turlag og Allidrettsgruppa i Stordal IL, er flinke til å legge opp til organiserte turar. (Sjå lenke nedanfor for meir) Turkonkurransen frå 2005, med 10 faste turmål, er elles ført vidare av Allidrettsgruppa.

Stordal Sogelag har lagt ned eit omfattande arbeid for å få til eit konsept der ein kan kombinere turen med å få med seg opplevingar knytt til kulturminner, flora, fauna o.l. I skrivande stund er dette enno ikkje heilt på plass, men når den tid kjem vil dette bli eit unikt verktøy der ein nyttar datateknologi for å presentere det heile. Mange slike turar er alt gått opp med GPS.


Fiske i fjord, elv og fjellvatn:

 
Stordal kommune byr på godt fiske både i elvar, fjellvatn og i fjorden. Småbåthamna i Stordal sentrum er eit godt utgangspunkt for deg som likar sjølivet. Dei som vil prøve seg etter laksen i Stordalselva, kan kjøpe fiskekort på Stordal Camping eller hos enkelte grunneigarar.

I dei mange fjellvatna og småelvane kan du få fine fangstar av aure. Isfiske er tingen for mange og både Lillevatnet og Storvatnet er eit ynda mål også i ein slik samanheng.

Storvasshytta hyttelag har stått bak ei omfattande renovering av hytta si og i tillegg fått på plass eit eige aneks, som gjer det lettare også for større grupper å overnatte der. Sjå oversikt over lag og organisasjonar for kontaktinfo.

Fokhaugstova har elles i lang tid vore ein naturleg overnattingsstad inne på fjellet. Ålesund - Sunnmøre Turistforening av bruksavtale med eigarane.


Jakt:

I kommunen er det også gode jaktmuligheiter med bra forekomstar av både stor- og småvilt. Grunneigarar har jaktrettigheiter på eit gitt antall dyr (hjort).

Dei seinare åra har det kome på plass fleire verksemder, som m.a.  tilbyr jakt, laksefiske, servering og overnatting. Stordalsferien har slike skreddarsydde opplegg. Hjå Blåtind kan ein også få kjøpt fiskekort i tillegg til at vertskapet m.a. står for matservering i flotte lokaler. Jøsvoll Gård har på tilsvarande vis m.a. tilbod om laksefiske og jakt.


Generelt: 

Stordal kommune er elles med i Friluftsrådet for Ålesund og omland og friluftsrådet får utrette mykje positivt i høve til å legge tilhøva best mogleg til rette for at alle skal få gleda av å ferdast ute i naturen. 

Elles har også grunneigarlag gripe fatt i å rydde råser og stiar og fått på plass gapahukar, benkar o.l. slik at turopplevinga skal bli endå betre. Når ein ser på dette, saman med alt det som er trekt fram ovanfor, kan ein hevde at det vert utretta mykje positivt arbeid knytta til det som gjeld friluftsliv. Når naturen frå før av er så innbydande som den er, ligg nok det meste til rette for flotte opplevingar.

  

                                                                               

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersgarden
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust