Det var søndag som var fast kinodag i Stordal med framsyning ein gong i månaden i Stordalshallen.
Interessa for dette tilbodet var vekslande sjølv med søndag som fast framsyningsdag. Med framsyningar ein vanleg kvardag ville denne interessa verte endå lågare, noko som var hovudårsaka til at ein måtte takke nei til tilbodet. Dette seier også ein heil del om dei mange andre tilboda som fins i kommunen vår og at folk flest truleg er så opptekne at det rett og slett ikkje vert tid til å rekkje over meir.