Fakta om Stordal

 
  I 2008 hadde 4,5% av innbyggarane i Stordal innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land. Gjennomsnittet for Norge er 7,2%.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   
Fotograf: Kristian Almås
Stordal Bygdetun med sine mange flotte kulturminne er vel verd eit besøk fotograf Kristian Almås
Fotograf: Hallgeir Hove
Det å få vere med Idar Skotte på omvising ved Ytste Skotet er ei stor oppleving. Her er det born ved Andershaugen barnehage som får lære korleis mjølet vart kverna. fotograf Hallgeir Hove
Den Store Hesteferda i 2004. Hestar i båt ved Stordalsholmen.
Den Store Hesteferda i 2004, vart eige NRK program som vart sendt på julaftan same året. Link til meir om dette, nederst.
Langsæterdagane, frå Kvitlane 05
Under Langsæterdagane, som vert arrangert av Stordal Sogelag kvar haust, får ein m.a. oppleve korleis sæterlivet arta seg i gamle dagar. (Sjå link til reportasje nederst)
Fotograf: Lars Joranger
Stampa ved Stavåna vart gjenopna den 25. august 2007. Les meir ved å fylje linken nederst på sida. fotograf Lars Joranger

Museum og kulturminne

Stordal kommune kan by på ei rad flotte kulturminne, og det er lagt ned eit stort og omfattande arbeid både i høve til kartlegging og bevaring. Stordal Sogelag har stått for mykje viktig arbeid dei siste åra, og Stordal kommune ved sogenemnda har gjeve ut to bygdebøker, for å nemne noko av dette. Viktig er det også å nemne Stiftinga Ytste Skotet som står bak drifta av Ytste Skotet. Ytste Skotet har museumsstatus og er ein av dei mange fjord- og fjellgardane i kommunen. Når ein er inne på fjord- og fjellgardar, kjem ein sjølvsagt heller ikkje utanom det imponerande arbeidet til Storfjordens Venner. Sjølv om dei er mest kjende for den omfattande restaureringa av dei mange gardane ved Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden, har dei også engasjert seg i vår kommune.
Stordal kommune kom med i stiftinga Norsk Kulturarv i 2005 og er no ein av 15 kommunar som er medstiftarar. I tillegg er 7 fylkeskommunar og eitt fylke med. Sjå lenker nedanfor.

Etterkvart vil ein legge inn meir informasjon om kulturminne på sida vår, men ein vil likevel finne ein heil del ved å gå inn på linkane under.

Når det gjeld dei to bygdebøkene som Stordal kommune har gjeve ut, kan ein kjøpe desse ved å vende seg til sørviskontoret.

Boka "Farne tider" vart gjeven ut i 1989 og er skriven av Jostein Sande. Dette er ei bygdesoge som omhandlar tida fram til 1920.

I 2002 kom band II av Stordalssoga ut. Denne fekk tittelen "Gard og ætt" og er skriven av Liv Randi Bjørlykke. Dette er, som tittelen syner, ei ættesoga og ho tek føre seg tida frå 1801 og fram til 1920.

Les om dei to bygdebøkene, dei fire historiske hefta laga av brødrene Moe, med meir, her.

Ynskjer du å kjøpe bygdebøkene?
Ynskjer du å kjøpe bygdebøkene?
Kontakt:E-post:Telefon:
Servicekontoretpostmottak@stordal.kommune.no70279100
Bygdebøkene
Bøker:Pris:
"Farne tider" (1989) Stordalssoga band IKr 200,-
"Gard og ætt" (2002) Stordalssoga band II Kr 400,-
Tilbodspakke, som inneheld begge dei to bøkeneKr 500,-
Sogenemnda i Stordal kommune
Namn:E-post:Telefon:
Ragnhild Fauske (leiar) ragnhild.fauske@stordal.kommune.no70278922
Torbjørn Hove torbjorn.hove@mimer.no70278133 95125581
Knut Hove70278159 99701532
Ragnhild Flåen91795632
Knut Vinje (varamedlem)70278034
Hallgeir Hove (sekretær)hallgeir.hove@stordal.kommune.no70279123 90949358
   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Faks
: 70279101
Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Bjørnar Midtbust