Lokalmønstringane er særs trivelege og flotte og mange finn vegen til Stordalshallen for å få dette med seg. I tillegg til dei mange flotte innslag ein får oppleve, er det også sal av kaker, kaffe og anna godt.
Ein oppmodar sjølvsagt alle unge til å melde seg på. Hugs at dette er ei mønstring, der born og unge kan få høve til å syne fram noko av alt det dei held på med. Dermed kan ein også hevde at alt er av interesse, anten dette er ei utstilling, ein film, ein song, ballsjonglering eller noko heilt anna. Ein kan vidare delta med så mange innslag ein berre vil. Meld deg på då vel, og ver med på å gjere dette til eit kjempeflott arrangement!
Les meir om Ungdommens Kulturmønstring her.
Nedanfor finn du lenker til tidlegare lokalmønstringar m.m.