Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune har vel 4 000 dekar dyrka jordbruksareal og ca. 37 000 dekar produktivt skogareal
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Hugs å søkje momskompensasjon

Pengesetlar - Klikk for stort bildePengesetlar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.07.2017

Lotteri - stiftelsestilsynet ynskjer å nå ut til laga og organisasjonane med denne viktige informasjonen og vi formidlar sjølvsagt dette meir enn gjerne vidare. Les meir om det tilsynet har på hjartet nedanfor: 

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn du også søknadsskjema.

Det er to ulike søknadsmodeller å velge mellom

 

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no  eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2017. Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

bilde.jpg
bilde.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS