Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune hadde i 2008 ein netto folketilvekst på 22 personar. 11 av desse kom frå fødselsoverskot og 11 personar innvandra.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 18.08.2017
Stølane i Jøsvollbotn

Det ser ut til å bli ein rett så innhaldsrik dag i Jøsvollbotnen den 27. august, når Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn vel inviterer til stølssøndag. På plakaten står det både opning av gapahukar, historisk vandring, eventyrstund, loddsal og meir til.

Publisert 07.08.2017
Naturspion 2017

Naturspion er ein ny, fin aktivitet i naturen. Det er folkehelsekoordinatoren vår som står bak. Naturspion passar både for småbarnsfamiliar og evt for den som ynskjer gå åleine. Målet er å finne flest mulig gjenstandar som ikkje naturleg høyrer heime langs stien/stiane.

Publisert 07.07.2017
Stordal skulekorps

Alle som ynskjer faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen frå medio august og fram til nyttår, må få sendt inn søknad om dette. Legg merke til at fristen for å søkje er sett til søndag den 20. august. 

Publisert 06.07.2017
Pengesetlar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017.

Publisert 05.07.2017
Sommarkonsert ved Stampa 2017

Vi har lagt bak oss ein ny periode full av høgdepunkt og flotte arrangement. No ser vi nye tre månader framover og kan konstatere at det er endå meir å gle seg til.

Publisert 21.06.2017
Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik

Den 37. utgåva av Stordalscup er vel i hamn og arrangørane har verkeleg orda sine i behald, når dei omtalar dette arrangementet som ein folkefest. Årets utgåve samla faktisk så mykje folk at ein kan lure på om det ikkje nærma seg rekord. Med heile 90 deltakande lag og med så mykje som skjer også utanom fotballen, er det ikkje rart det ver folksamt. Sjølv om det ikkje var gnistrande sol heile helga, vart det heller inga utfordring vermessig.

Publisert 21.06.2017

Vi legg ut denne presiseringa/påminninga vedr ordninga som omhandlar tilskot av spelemidlar til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter. Merk at søknadsfristen her er sett til den 1. november 2017.

Publisert 06.06.2017
Barnas Supersommar 2017 - program, framside

Sjølvsagt blir det "supersommar" også dette året! Stordal kommune er, som kjent, Barnas kommune og også denne sommaren byr vi på mange kjekke aktivitetar for både små og store. 

Publisert 24.04.2017
H. Sund AS - reklameskilt

Det er no på tide å presentere ein av våre nye samarbeidspartnarar, nemleg H. Sund AS. For oss lokalkjende seier det oss det meste, når vi vert kjend med at H-en står for Hermod. Sjølv om H. Sund AS har adresse Trælnes i Brønnøy kommune (med Brønnøysund som kommunesenter), er verksemda no klar for å kome med på vinnarlaget vårt. Dette dels fordi dei ikkje har noko vanskar med å levere produkta hit til Sunnmørsregionen - som dei ser på som eit særs interessant nedslagsfelt - og dels fordi verksemda vurderer å starte opp ein viss produksjon, også her i Stordal.

Publisert 28.11.2016
Julegrantenning 2016

Julegrantenninga i går kveld vart av det stemningsfulle slaget. Etter fleire dagar med nedbør og ein del heftige byger, også tidlegare på dagen, vart det rett så fint når klokka nærma seg 17.00 og det var mykje folk på plass på Almenningen. 9. klasse ved Stordal skulle stod bak det flotte arrangementet, som etter gongen rundt julegrana, held fram med ei triveleg stund ved frivilligsentralen.  

Publisert 18.10.2016
Naturmøteplassen i Rystene

Onsdag 19. oktober kl 12.00-14.00 er det oppstart for Naturmøteplassen på Rystene i Stordal. Naturmøteplassen skal vere ein møteplass i friluft, der alle som har lyst og anledning kan kome og ta ein kaffikopp rundt bålet.

Publisert 07.10.2016
Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag, jan 2011. Gåve

Endeleg kan vi presentere ei ny oversikt over arrangement framover og som vanleg er det rett så imponerande greier dette her. Då siktar vi både til talet på arrangement og kvaliteten på dei. Dei neste månadane kan vi i tillegg gle oss til å delta på ikkje mindre enn tre flotte jubileum!  

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS