Fakta om Stordal

 
  I 2007 var det ei netto innpendling til Stordal kommune på 77 personar
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Eventyrvandring i Grigås natursti

Eventyrleg vandring 2017 - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring 2017 Anna Stemland

Torsdag 24. august fekk vi ei ny flott vandring i Grigås natursti. Det var 70 vandrarar som gjekk turen og fekk møte 13 dyktige amatørar som dramatiserte snuttar frå folkeeventyra. Publikum var inndelt i puljar, og kvar pulje hadde med eigen vert.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.09.2017

Eventyrleg vandring 2017 - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring 2017 Anna Stemland Eventyrleg vandring 2017 - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring 2017 Anna Stemland Eventyrleg vandring 2017 - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring 2017 Anna Stemland Eventyrleg vandring 2017 - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring 2017 Anna Stemland

Først møtte ein ei heks som både song og tralla, det viste seg etterkvart at det var av typen god heks. Harepus var ute i skogen, han var både glad, trist og letta omeinannan.

Etter haren gjekk ein seg  på ein sovande bjørn, men når borna song «Bjørnen sover» vart det liv i bamsefar som skulle til reveenka og fri. Nei, var svaret frå reveenka. Det same svaret fekk ulven som også luska seg til revehiet. Katten Korse, som var hushjelp hadde eit svare strev med å springe til og frå døra med beskjedar fram og tilbake mellom friarane og reveenka. Plutseleg høyrdest  tralling frå Ylvis-songen «what did the fox say» og ut av skogen kom kom ein spretten raudrev. Reveenka smelta, og han fekk ja!

Den kjøtsvoltene og lettflygde traff ein også på. Den lettflygde var heldigvis godt festa til bakken og den kjøtsvoltne gnog stein så det skar i øyra. Har neppe att tenner den karen, så det blir vel graut heretter.

Høgt på ei trone sat ei prinsesse som  ikkje kunne målbindast. Mange hadde prøvd utan hell, men så kom Askeladden! Ja, du tippa rett. Prinsessa vart målbunden og soleis vart det både prinsesse og eit halvt kongerike på Askeladden.

Fine fløytetonar let etterkvart i skogen, dei var så fengslande att publikum måtte følge etter……men brått var alle fanga. Oi, det var visst rottefangaren frå Hämeln som  lokka . I fangeholet sat der ei heks, ho fortalde eventyret om rottefangaren frå Hämeln. Og er ikkje dei sleppt fri så set dei vel der enda.

Tusen takk til dyktige og engasjerte aktørar som gjorde at det vart nok ei super eventyrleg vandring. Improvisasjon og spontanitet delvis i kommunikasjon med publikum gjer at dette er flotte og gratis opplevingar for publikum. Veret spela og på lag i år og ramma det heile inn med varme og sol.

Aktørar:

Vertar: Hilde Rødset, Gunn Eli Hjelle, Torill Sandvik, Kjersti Hjelle, Eva Aasen

Heks 1: Bjørg Moltu

Hare: Ann Karin Rudi

Bjørn: Bjørnar Midtbust

Ulv: Svein Øvrebust

Rev: Elias Hasle

Korse: Torill Busengdal

Reveenka: Lise M. Bull

Lettflygd: Claus Hoff

Kjøtsvolten: Helga Øvrebust

Prinsessa: Emma Hoff

Askeladden: Carolus Øvrebust

Rottefangaren: Nathalie deVrieze

Heks 2: Palma Flåen Øvrebust

Takk også til Berit Vik og Magda Staurset for hjelp til sying av kostymer!

 

Sjå fin reportasje på Storfjordnytt si nettside

Anna Stemland tok mange flotte bilder. Dei kan du sjå i eige galleri på Barnas kommune si facebookside.

Sjå også reportasjar frå dei to første åra med eventyrleg vandring. Mange kjekke bilder også der.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andershaugen barnehage
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS