Fakta om Stordal

 
  Seljebotntinden er høgste fjellet i kommunen med 1531 moh.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Hessa og Aspøy Skolemusikkorps med triveleg øvingshelg

Hessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 - Klikk for stort bildeHessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 Hallgeir Hove

Denne helga var det Hessa og Aspøy Skolemusikkorps som gjennomførte øvingshelg her hjå oss og etter tilbakemeldingane å dømme, så vart det særs vellukka. Også dei innfødde kunne gle seg over besøket, m.a. takka vere at dei flinke musikantane marsjerte frå Stordalshallen og til sentrum og stoppa også å spele utanfor Joker.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.05.2017

Hessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 - Klikk for stort bildeHessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 Hallgeir Hove Hessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 - Klikk for stort bildeHessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 Joker Stordal Hessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 - Klikk for stort bildeHessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 Hallgeir Hove Hessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 - Klikk for stort bildeHessa og Aspøy Skolemusikkorps mai 2017 Hallgeir Hove

 Dei omlag 25 deltakarane, samt leiarane som var med, var nok ganske så slitne når dei vende heim til Ålesund på søndag ettermiddag, men også veldig fornøgde med øvingshelga. I tilllegg til all øvinga ei slik helg opnar opp for, vart det ikkje minst også mykje tid til andre aktivitetar og ikkje minst det sosiale.

Avslutninga på ein lang laurdag, etter eit felles taco-måltid, var film på storskjerm i grendasalen og det var ingen høglydte protestar når det var gitt beskjed om at det var på tide å gå til ro, for å seie det sånn. Før på dagen hadde dei nemleg vore med på ganske så mykje. Som nemnt hadde dei vore ut på marsjering og spela, dei hadde også ei om lag 2 timars økt med alt frå teamtrack til minigolf, bordtennis, skuddlaser, buldring i klatreveggen og anna kjekt i idrettshallen. Det høyrer også med å nemne at Joker Stordal spanderte is på heile gjengen, som takk for den flotte musikken dei bydde på.

Også på søndagen rakk dei ein heil del marsjering og litt leik i idrettshallen, før det var på tide med utpakking og heimreise.

Innbyggjarane både på Hessa og på Aspøya, kan berre gle seg til den 17. mai, ikkje minst også for å få oppleve denne supre gjengen.

Vi nyttar høve til å takke dei alle for eit særs triveleg besøk og ynskjer dei lykke til, både den 17. mai og vidare!

Fleire bilder og eigen film frå då dei spela utanfor Joker, ser du her: https://www.facebook.com/permalink.php?story_fbid=1463786117015841&id=124026780991788

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Vidhammer 1
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS