Fakta om Stordal

 
  Stordal gamle kyrkje (Rosekyrkja) er bygd i 1789 og Stordal kyrkje er bygd i 1907
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Lærerik fagdag i regi av fortidsminneforeninga

Fagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - Klikk for stort bildeFagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 Hallgeir Hove

Fortidsminneforeningen avdeling Sunnmøre - med styreleiar Jorunn Monrad i spissen - gjennomførte fagdag ved Stordal bygdetun mandag 4. september. Ei gruppe med om lag 50 elevar frå Stordal skule, fekk lære mykje om så vel Rosekyrkja, om rosemåling og om matlaging i eldre tider.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.09.2017

Fagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - Klikk for stort bildeFagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 Hallgeir Hove Fagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - Klikk for stort bildeFagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 Hallgeir Hove Fagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - Klikk for stort bildeFagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 Hallgeir Hove Fagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - gruppeoppgåver - Klikk for stort bildeFagdag med fortidsminneforeninga sept 2017 - gruppeoppgåver Hallgeir Hove

 

Frå fortidsminneforeninga stilte, i tillegg til styreleiaren, også Sylvia Baier Evensen og Eva Gjendem. Også lokalhistorikar, Kristian Almås representerte fortidsminneforeningen og ein annan stordaling, nemleg Bjørg Hjelmseth, frå Stordal sogelag, stod for den delen av opplegget som hadde med tradisjonsmaten å gjere. I tillegg hjalp også lærarar frå skulen til.

Ein kan trygt slå fast at det var ein priviligert gjeng med elevar som fekk vere med på dette opplegget og det var også kjekt å registrere kor interesserte dei var i å lære meir. Når dei t.d. vart spurt om detaljar i Rosekyrkja - der Kristian sjølvsagt sit inne med ein enorm kunnskap - ja, så hadde dei svara klar. Kristian fekk også mange interessante spørsmål i retur. Elevane fekk m.a. også erfare at det er ein ganske så tidkrevjande jobb å skulle lage sitt eige smør. Det tek etter måten mykje lengre tid enn berre å opne ei kjøleskapsdør..

Stor takk til alle dei som var med på denne flotte fagdagen ved bygdetunet vårt!

Les meir om opplegget også på Fortidsminneforeningen si nettside

Sjå også eige galleri på Fortidsminneforeningen si facebookside

For endå fleire bilder frå den lærerike fagdagen, sjå eige galleri på Barnas kommune si facebookside

For ikkje lenge sidan, la vi også ut ein reportasje om restaureringsarbeid ved Rosekyrkja. Der hadde vi også med lenker til mange tidlegare reportasjar knytt til denne kluturskatten. Ver å få med seg.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

DSC07938.JPG
DSC07938.JPG
Levert av ACOS AS