Fakta om Stordal

 
  I 2008 hadde 4,5% av innbyggarane i Stordal innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land. Gjennomsnittet for Norge er 7,2%.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ny kulturkalender!

Stordalscup - foto frå Fjelladalen - Klikk for stort bildeStordalscup - foto frå Fjelladalen Bjørnar Midbust

Då har vi fått sett opp ei ny kalenderoversikt over ein del av det som skjer av arrangment på kulturfronten framover. Her tek vi med det vi har kjennskap til fram t.o.m juni månad. Sjå kalenderoversikta som eigen pdf.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.04.2017

Skiløypa passerer Fokhaugstova, Overøyestolen og Arena Overøye i bakgrunnen - Klikk for stort bildeSkiløypa passerer Fokhaugstova, Overøyestolen og Arena Overøye i bakgrunnen Kristian Almås Naturmøteplassen.jpg - Klikk for stort bildeNaturmøteplassen.jpg Stordal IL, damer 4. div 2017 - Klikk for stort bildeStordal IL, damer 4. div 2017 Hallgeir Hove 17. mai 2016 - tog på Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2016 - tog på Dyrkorn Bjørnar Midtbust

I tillegg til alt det som er kome med på kulturkalenderen (Sjå kalenderoversikta som eigen pdf, nedst på sida) er det heilt sikkert mykje meir av arrangement framover. I tillegg til dette, kjem alt av faste aktivitetar frå veke til veke, både i Stordalshallen, på frivilligsentral, bedehus osv osv. For dei fleste av arrangement framover, kan du også rekne med eigne førehandsreportasjar og fyldig dekning i etterkant.

Ikkje minst må vi også ta med dei unike muligheitene for friluftsliv vi er så priviligerte å ha. Også den perioden vi no går inn i, byr på eventyrleg flotte opplevingar for den som har høve til å kome seg ut. Stordal Fjellservice sine flotte løyper, dei gode turvegane med sine rasteplassar, fiskevatna, fjelltoppane, sjøen, elvane, ja i det heile tatt er dette ikkje mindre enn eit eldorado for dei som likar å ferdast ute i naturen.

STIKK UT!

Folkehelsekoordinator Palma Flåen Øvrebust kan også melde at Stikk UT-turane 2017, er klare.Grøne turar: Kokarsteinen, Grigås natursti, Elvaforbygninga, Øyna rundt, Løsetnakken og moloen (ny i år).
Blå turar: Mosætra, Midtbustsætra (endra namn frå Mebu), Vikahornet, Storvasshytta, Botnastølen, Varden og Svartevatnet.
Raude turar: Dyrdalstinden og Storheimshornet (endra fargekode frå blå til raud).
(Der det er snø/rasfare eller vanskeleg tilgjengeleg, kan det bli opna seinare enn 1. mai)

Det kan bli snakk om guida Stikk UT-turar. Meir info om dette etterkvart. Fyl med på Stikk UT- Stordal på facebook!

ØVRE STORDAL!

I Øvre Stordal er det stor aktivitet heile året rundt og for å få oversikt over alt dette, viser vi til den flotte nettsida Frode Færøy administrerer og vil du halde deg oppdatert nærast frå minutt til minutt, er facebooksida eit fornuftig val. Her ligg også all den info ein treng, t.d. mellom anna om Arena Overøye og opningstider i påska osv osv.

MENTAL HELSE STORDAL!

Lokallaget til Mental Helse her i Stordal, er også eit såpass aktivt lag at det mest ikkje er plass til alt det dei har føre seg frå veke til veke i kalenderen vår. At laget er aktivt fekk vi nok eit bevis på når dei nyleg mottok nok ein pris. Denne gongen prisen for beste møteplass!  Vi gratulerer! Det vert delt ut 3 ulike prisar kvar år og i tillegg til denne, er det pris til beste nettside og årets eldsjel. Mental Helse Stordal mottok prisen for beste nettside i 2012 og snart får dei truleg også den som gjeld årets eldsjel. Det ville ikkje overraske nokon.

FOTBALLEN RULLAR FOR FULLT IGJEN!

Nede i bygda har det vore snøfritt i lang tid alt og dermed er aktiviteten stor på Kirkebø Stadion og. Snart er seriekampar og turneringar i gong for fullt og då finn ein det meste på Sunnmøre Fotballkrets si nettside. Her i Stordal kan vi m.a. også sjå fram til å få oppleve eit ellevarlag på damesida att. Det er ein del år sidan sist. Dei stiller i 4. divisjon. Du kan også fylje fotballen i Stordal på facebook.
 

STORDALSCUP 2017!

Så må vi sjølvsagt også trekkje fram Stordalscup her, og det som vert omtala som "Folkefesten over alle folkefestar!". Den får du med deg frå fredag den 16. t.o.m søndag den 18. juni!
 

Så tek vi også denne gongen med nokre lenker til andre sider, der ein vil finne mykje nyttig info. Dette er:

Stordal kommune - kultur   

Stordalshallen    Stordalshallen (facebook)

Stordal bibliotek     Stordal bibliotek (facebook)

Stordal frivilligsentral (facebook)

Barnas kommune (facebook)

Andre aktuelle heimesider

Så har i tillegg mange av dei over 50 frivillige laga og organisasjonane her, også sine eigne facebooksider. Det er berre å søke dei opp og like dei, så vil de kunne vere oppdaterte på det meste!

For dei som evt måtte vere i tvil; Det skjer relativt mykje på kulturfronten i denne - Møre og Romsdal si minste kommune!

KULTURKALENDER NR 2 - 2017 (PDF, 271 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Eit gammalt speilbilde....
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS