Fakta om Stordal

 
  I 2008 var 25% av innbyggarane i Stordal mellom 0 og 17 år, og 5,8% var over 80 år. For heile Norge var desse prosentane 23,0 og 4,6.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Representerte Stordal på utmerka måte!

UKM 2017 - Isak Tafjord på fylkesmønstringa - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Isak Tafjord på fylkesmønstringa UKM

Stordal kommune hadde ikkje mindre enn 12 deltakarar med under Fylkeskulturmønstringa i Midsund kommune sist helg, og dei representerte kommunen på utmerka vis.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.04.2017

UKM 2017 - Tigers på fylkesmønstringa - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Tigers på fylkesmønstringa UKM UKM 2017 - White Fellas  - Klikk for stort bildeUKM 2017 - White Fellas UKM UKM 2017 - Herdis Kamp på fylkesmønstringa - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Herdis Kamp på fylkesmønstringa UKM UKM 2017 - Sinne Eisma på fylkesmønstringa - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Sinne Eisma på fylkesmønstringa UKM

Ei Fylkeskulturmønstring er eit svært arrangement som samlar ungdom frå heile Møre og Romsdal. I løpet av opphaldet i Midsund kommune hadde deltakarane høve til å delta på workshops og andre kjekke aktivitetar, i tillegg til sjølve framføringa/utstillinga. Ikkje minst opnar ei slik helg for at ein kan bli kjent med andre, på tverss av kommunegrenser. 

"Fylkesmønstringen er en viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består  av omlag 400 ungdommer fra 13-20 år fra våre 36 kommuner. Disse ungdommene er samlet for å knytte nye bekjentskaper, utøve det de brenner for, delta på workshops/verksteder og vise for publikum hva de driver med i form av forestillinger og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men en møteplass, visningsarena og et sted for utvikling av ung kultur." (henta frå arrangørsida)

Her kan du få med deg sceneinnslaga:

Sinne Eisma

Herdis Kamp

Tigers Comeback

White Fellas

 

Film:

Laurent Mupenda

 

Utstilling:

Isak Tafjord

Sanne De Vrieze

Tilbakemeldingane frå dei som var med herifrå, tyder på at dei hadde hatt det kjekt og reiseleiarane gir deltakarane ros for framifrå innsats. Vi vil nytte høve til å takke alle dei 12 for å ha vore flotte ambassadørar og sjølvsagt også stor takk til reiseleiarane Nathalie De Vrieze og Bulent Øcalan.

Det er sjølvsagt stor medieinteresse kring eit slikt arrangement og her er lenker til meir:

Sunnmørsposten har dekka det meste

Her er nettsida til UKM Møre og Romsdal

Her kan du sjå mange flotte bilder frå helga

Her kan du sjå det mesta av framføringane på scena

Her kan du sjå reportasjen frå den flotte lokalmønstringa i Stordalshallen den 19. februar.

Her kan du sjå reportasjen om kven som gjekk vidare frå Stordal kommune.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS