Fakta om Stordal

 
  I Stordal kommune budde det i 2008 4,1 personar pr km2. For fylket og landet er tilsvarande tal h.h.v. 17 og 15,7 personar pr km2.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Super dugnadsinnsats av Ole Aasen

Ole Aasen (t.v.) har trekt opp att sofaen i foajeen i Stordalshallen. Her i lag med vaktmeister Jøran Gudmestad - Klikk for stort bildeOle Aasen (t.v.) har trekt opp att sofaen i foajeen i Stordalshallen. Her i lag med vaktmeister Jøran Gudmestad Hallgeir Hove

At Ole Aasen er ein god mann for lokalsamfunnet vårt, det var vi klar over frå før. Men no har han fått stadfesta dette ytterlegare, ved å trekkje opp att sofaen i foajéen i Stordalshallen på dugnad. Dermed er også sofaen god som ny den, til stor glede for alle oss som brukar Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.09.2017

Ole Aasen har trekt opp att sofaen i foajeen vår og no er den difor god som ny! - Klikk for stort bildeOle Aasen har trekt opp att sofaen i foajeen vår og no er den difor god som ny! Hallgeir Hove Ole Aasen har trekt opp att sofa - Klikk for stort bildeOle Aasen har trekt opp att sofa Hallgeir Hove Ole Aasen har trekt opp att sofa - Klikk for stort bildeOle Aasen har trekt opp att sofa Hallgeir Hove Det var ganske mange delar å skulle skifte stoff på og sette saman att, etterpå - Klikk for stort bildeDet var ganske mange delar å skulle skifte stoff på og sette saman att, etterpå Hallgeir Hove

Sofaen i foajéen vår er naturleg nok like gamal som det Stordalshallen er og då veit alle at det er snakk om 20 år. Dette er solide saker og den har tålt godt bruken som har vore, sjølv om vi også med glede kan konstatere at det heller ikkje her har vore snakk om ramponering eller herværk av noko slag. Det same må ein også kunne seie om stoffet. Men likevel er det klart at plasseringa av sofaen har gjort at det har blitt ein del sollys på den og etter 20 år var det difor på tide å få den trekt opp igjen. Vi var difor særs glade for at Ole uoppfordra tok kontakt og minna oss på at han hadde stoffet til sofaen liggjande. Når han i tillegg er ein mester i å trekke opp att møbler, kunne dette ikkje bli betre. Det var Stordal Møbler, som i si tid ga stoffet til Stordalshallen og då slik at det også var nok til å trekke opp att sofaen etter nærare 20 år.

Når vi spør Ole kor mange timar han brukte på å dette arbeidet, er han ikkje so lysten på å seie så mykje om det. Men når vi spør opp att, får vi vite at det nok dreier seg om i overkant av 20 timar. Så kan vi alle tenkje oss kva verdi som ligg i dette arbeidet, som Ole altså har gjort heilt gratis for alle oss som har glede og nytte av Stordalshallen og at den skal sjå så fin og innbydande ut som mulig.

Utan frivilligheita, stoppar Norge, understrekar Ole og vi er sjølvsagt heilt samde med han i det. Nettopp det fekk også Ole verkeleg synleggjort for oss gjennom denne jobben og vi nyttar høve til å takke han også her.

Det var vaktmeister Jøran, som demonterte sofaen i lag med Ivar Jacobsen. Så fekk dei den frakta til Ole, slik at han kunne kome i gong med jobben. Det gjekk også med nokre timar på å sette den saman att, fortel Jøran. Men no er den altså så god som ny og vi både håper og trur at alle som vil bruke den, kanskje ikkje minst tenkjer over dei mange dugnadstimane lagt ned for at den skulle bli so fin. Slik vil vi gjerne ha den i mange år framover.

Tusen, tusen takk, Ole!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS