Fakta om Stordal

 
  I 2004 var det 30 gardsbruk i drift i Stordal. I 2008 hadde dette talet minka til 25.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vi nærmar oss feiring av nasjonaldagen vår!

17. mai 2016 - Stordal - Klikk for stort bilde17. mai 2016 - Stordal Hallgeir Hove

17. mai-feiringa er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.05.2017

17. mai - Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai - Dyrkorn Hallgeir Hove 17. mai 2016 - barnekoret under kulturkvelden - Klikk for stort bilde17. mai 2016 - barnekoret under kulturkvelden Hallgeir Hove

I år er det grenda Vinje, som har ansvaret for den offisielle delen av feiringa i Stordal, og ser ein på programmet (eigen pdf, nedst på sida) vert det heile lagt opp slik det har vore gjort dei siste åra. Som vanleg går toget frå sentrum, via Stordalstunet og vidare til Stordal Bygdetun. Der vert det m.a. også tale for dagen. Det vert vidare Gudsteneste i Rosekyrkja og så samlast alle i Stordalshallen og på Kirkebø Stadion etterkvart, for leikar og anna kjekt.

På Dyrkorn fyl ein også stort sett malen frå tidlegare, på den store dagen. Men i år droppar ein eige tog der. Dermed er det ved Grendahuset det heile skjer, der det m.a. vert open kafe, tombola, quiz og sjølvsagt mange kjekke leikar for barna.

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps er på ny klare til å stille på, slik at det vert skikkeleg flott 17. mai-tog i Stordal. Tradisjonen tru vil dei også møte opp og spele på Dyrkorn. På slike dagar vert ein minna ekstra på kor heldige vi er som har slike driftuge korps. Hipp, hurra!

Før toget kan starte frå sentrum i Stordal, høyrer saluttering med, og takka vere Kjell Magne Moe, vert denne tradisjonen ført vidare også i år.

Kulturkveld i Stordalshallen
Det har også blitt ein fast og flott tradisjon at Stordal Ungdomsklubb inviterer alle til kulturkveld i Stordalshallen, etter at den offisielle delen av dagen er ferdig. Slik blir det også denne gongen, og som vanleg er det mykje flott å få med seg. Sjå plakaten som pdf nedst på sida.

Stordalssongen
I samband med Nasjonaldagen, er det ikkje til å legge skjul på at også Stordalssongen får ekstra stor plass i hjarta våre. Om du vil, kan du kikke nærare på eigen reportasje om denne kjære songen vår. Der vil du finne meir om bakgrunnen til songen, du kan høyre Tonika og Stordal Hornmusikklag framføre den og sjølvsagt finn du teksten til alle versa. Anbefalast!

Mange tidlegare reportasjar og bilder
17. mai i Stordal og på Dyrkorn, er storslåtte greier og vi har laga reportasjar frå feiringane dei siste 11 åra. Om du går inn og ser på førehandsreportasjen frå i fjor, finn du der lenke til førehandsreportasje og vidare til mange av dei tidlegare reportasjane. Etterkvart har det også blitt mange bilder, det kan vere kjekt å kikke på. Det er berre å fylje lenkene attende frå reportasje til reportasje og då vil ein også finne lenker til bildegalleri i tillegg.

Her er reportasjen frå då Vinje stod som arrangør sist, nemleg i 2011

Her er reportasjen frå 2016

 

Då er det berre å gle seg til nye flotte feiringar og så kryssar vi fingrar for at vi også har "vergudane" med oss.

Program/plakat Dyrkorn (PDF, 2 MB)

Program/plakat Stordal (PDF, 2 MB)

Program/plakat Kulturkveld i Stordalshallen (PDF, 106 kB)

Allsongar 17. mai (PDF, 21 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Idyll ved Lillevatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS