Fakta om Stordal

 
  Det er potensial for 7 småkraftverk i kommunen med produksjonskapasitet 29 GWh. El-forbruket i kommunen i 2004 var 19 GWh.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

NAMNEKONKURRANSE: KVA SKAL DEN NYE KOMMUNEN HEITE?

Kommunestyra  i Norddal og Stordal har vedtatt at desse to kommunane skal bli ein ny kommune frå 1.1. 2020.

Denne nye kommunen skal få eit fint namn – eit namn som vi etter kvart skal identifisere oss med, kjenne oss heime i og vere stolt av. Fristen for å kome med forslag vert sett til: 20.juni 2017

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 18.05.2017

dyrkorn.jpg - Klikk for stort bilde grønnfjord.jpg - Klikk for stort bilde blåfjord.jpg - Klikk for stort bilde norddal.jpg - Klikk for stort bilde stordal.jpg - Klikk for stort bilde Bygdenamna Dyrkorn, Stordal, Valldal, Fjørå, Tafjord, Eidsdal og Norddal vil leve vidare som namn på heimplassen vår, der vi kjem i frå. Det same gjeld sjølvsagt namn på grender og andre stadnamn. Det vi no skal bestemme, er namnet på det nye fellesskapet, den nye kommunen.

På eit tidspunkt i prosessen – då kommunane Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal sonderte rundt ein muleg ny kommune, vart namnet Storfjord kommune lansert – nettopp fordi Stordfjorden var noko som batt desse kommune saman – noko vi hadde felles.  Norddal og Stordal har halde på dette som ein arbeidstittel, men det vart etter kvart meir og meir klart at dette ikkje kunne bli det endelege namnet:  Ein god grunn for det, er at det finst allereie ein kommune som heiter Storfjord kommune.

Eit kommunenamn skal etter retningslinene vere unikt, det betyr at ein ikkje skal velje same namn som ein annan kommune. (jfr Rundskriv H 10/15 til Inndelingslova)

Eit kommunenamn er eit stadnamn og skal dermed seie oss noko om kvar vi er,  eller noko om kva som kjenneteiknar omgivnadene våre.  Men eit stadnamn kan også kaste lys over verdfull lokalhistorie og dermed seie noko om den kulturelle arven vår.

Namnet som vert valt bør vere slik at dei fleste i kommunen kan kjenne ei tilknyting eller ein identifikasjon til det nye namnet. Av og til kan gamle administrative namn brukast på nytt, men då børe det vere slik at det er relativt stort samanfall  mellom den gamle geografiske eininga og den nye.

Ein bør ikkje velje eit namn som eigentleg famnar om eit mykje større område enn det den nye kommunen famnar om, dersom dette er eit namn som vert brukt om eit større område. Til dømes vil det ikkje vere greitt å velje namnet Sunnmøre kommune om ein kommune som berre omfattar Norddal og Stordal, ettersom eit langt større område høyrer til Sunnmøre.

Når ein ny kommune får namnet sitt, er det viktig å tenkje på det som er nemnt ovanfor – i tillegg er det viktig at ein tenkjer på at det nye namnet skal stå seg i mange generasjonar.

 Vi inviterer no alle som har lyst til å delta i prosessen med å finne eit godt namn til kommunen vår om å sende inn forslag. Fristen for å kome med forslag vert sett til: 20.juni 2017

Fellesnemnda for den nye kommunen vil gjere ei innstilling overfor eit felles kommunestyremøte som skal gjere vedtak  i saka tidleg på hausten i 2017.

 

Du kan sende namneforslaget ditt til:   

post@norddal.kommune.no eller postmottak@stordal.kommune.no

eller du kan sende det som vanleg post til:

Stordal kommune, Stordalsvegen 550, 6250 Stordal

Norddal kommune, Postboks 144, 6211 Valldal

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS