Fakta om Stordal

 
  I Stordal kommune er talet på innbyggjarar 1028.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ny kulturkalender klar

Sommarkonsert ved Stampa 2017 - Klikk for stort bildeSommarkonsert ved Stampa 2017

Vi har lagt bak oss ein ny periode full av høgdepunkt og flotte arrangement. No ser vi nye tre månader framover og kan konstatere at det er endå meir å gle seg til.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.07.2017

Eventyrleg vandring - Grigås natursti. Ein glad gjeng som var med i 2016. - Klikk for stort bildeEventyrleg vandring - Grigås natursti. Ein glad gjeng som var med i 2016. Hallgeir Hove Jøsvollsbotnen vert arena for Sætersøndagen den 27. august. Her frå stubbediktvandring i 2015 - Klikk for stort bildeJøsvollsbotnen vert arena for Sætersøndagen den 27. august. Her frå stubbediktvandring i 2015 Bjørnar Midtbust Ådne scorar mot Lepsøy - Stordalscup 2017 - Klikk for stort bildeÅdne scorar mot Lepsøy - Stordalscup 2017 Hallgeir Hove Barnas Supersommar, frisbeegolf ute - Klikk for stort bildeBarnas Supersommar, frisbeegolf ute Hallgeir Hove

Juli månad er normalt den rolegaste, men så startar det meste opp att for fullt i august og september og i tillegg altså mange flotte enkeltarrangement å få med seg.

Vi registerer også at det ligg an til ein ny vri, når det gjeld Sætersøndagen denne hausten. Tidlegare har det vore Mosætra Vel som har arrangert denne og etterkvart også slik at ein har veksla på dette og Langsæterdagane. Altså annakvart år. I fjor var det som kjent Langsæterdagar og dermed klart for Sætersøndag denne hausten. Det nye er at det blir Jøsvoll, Josætra og Jøsvollbotn Vel, som tek over stafettpinnen og dermed kan vi gle oss til sætersøndag på den idylliske Jøsvollstølen den 27. august. Sjølv om ikkje heile programmet er ferdig spikra enno, ser arrangørane føre seg at det blir sal av pølser, bålkaffe, saft og kaker og/eller lefser. Kanskje blir det loddsal og. Bjørg ved biblioteket stiller opp med ei eventyrstund for borna og Kirsten Ludvigsen vil ta oss med på ei Historisk vandring på stølen, der ho vil fortelje frå tider som var. Skikkeleg spanande og kjekt, høyrest dette ut til å bli. Det er Marit Holt som er leiar i arrangementskomiteen, medan Harald Jøsvoll er leiar i laget.  

Eit anna flott arrangement, som faktisk skjer no i juli, er Sommarkonserten i dei vakre omgivelsane ved Stavåna på Jøsvoll. Dei som held konsert er: Hildegunn Garseth Ulvestad, Silje Kristin Titlestad, Sverre Overå Ulvestad og Terje Haaheim. (sjå eigen plakat og facebook)

Stordal Turlag sine flotte tilbod held sjølvsagt også fram, etter sommarpausen og det same gjeld for Naturmøteplassen.

Alt tidleg i august er det klart for nye spanande oppgjer på Kirkebø Stadion. I tillegg til herrelaget og damelaget sine kampar (som er med i oversikta vår) vert det kampar nærast kvar einaste kveld og gjerne fleire om gongen.

Noko anna vi kan gle oss til er den tredje utgåva av "Eventyrleg vandring". Dette er det folkehelsekoordinator Palma, som har regien på og dei to første har vore veldig populære. Det er i Grigås natursti det skjer og dette er noko du absolutt bør få med deg. Merk av på kalendaren din på torsdag den 24. august. 

Så minner vi også på dei flotte tilboda som ligg inn under satsinga Barnas supersommar. Det er fleire tilbod også der, for dei tre neste månadane. M.a. kan vi gle oss til å få vere med på diskgolf (eller frisbeegolf, om ein vil) i regi av Langevåg IL, diskgolf. Sommaren er nemleg ikkje heilt over enno.

Så avsluttar vi med å minne kvarandre på alle dei øvrige muligheitene vi har til å delta på kulturaktivitetar, anten dette er på alle dei flotte tilboda ved frivilligsentralen, på biblioteket, i Stordalshallen og ei rad andre stadar (oppdatert oversikt over opningstider m.m., med det første). For ikkje å gløyme den vakre naturen vi har rundt oss. Det er deilig med sommar, men så kan verkeleg også hausten by på mykje flott.

No nyttar vi høve til å ynskje alle ein retteleg flott sommar!

Her finn du den 3. utgåva av kulturkalenderen 2017 (PDF, 52 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andershaugen barnehage
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS