Fakta om Stordal

 
  I Stordal kommune er talet på innbyggjarar 1028.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nytt regelverk – nulltoleranse mot mobbing

utdanningsdirektoratet.jpeg - Klikk for stort bilde Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen.
 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 31.08.2017

Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra.  Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid


•    gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
•    seie frå til rektor
•    undersøkje det som har skjedd


Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skolen. Dette blir kalla for skolens aktivitetsplikt.

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?


Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal da varsle skoleeigaren, som vil følgje opp saka vidare.


Melde saka til Fylkesmannen
Dersom du eller barnet ditt meiner at skolen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Fylkesmannen.


•    Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen
•    Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
•    Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no


Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen. Du må ta kontakt med Fylkesmannen i det fylket du bur.


Kva kan Fylkesmannen gjere?


Dersom Fylkesmannen meiner at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skulen skal gjere for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Fylkesmannen skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter dersom skulane ikkje følgjer opp.


Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar


www.nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein  elev  opplever mobbing.  
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Almås
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS