Fakta om Stordal

 
  Seljebotntinden er høgste fjellet i kommunen med 1531 moh.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Omsorgstenesta i Stordal kommune har ledig stilling:

Kommunehus - Klikk for stort bilde

Sjukepleiar 80 - 100 % fast stilling i heimetenesta frå 01.09.17

Søknadsfrist 28.07.17

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 19.07.2017

Omsorgstenesta i Stordal kommune består av sjukeheimen Stordalstunet og heimetenesta. Det er tett samarbeid mellom institusjonen og heimetenesta. Hovudoppgåver til tenesta er arbeid opp mot tenestemottakarar, primært eldre, med behov for helsefremjande og førebyggande tiltak eller helsefagleg behandling. Sjukepleiar er også tillagt ivaretaking av spesifikke sjukepleiefaglege oppgåver og handtering av akutte situasjonar. Arbeidet er organisert i turnusordning, p.t. med arbeidstid på dag og kveld og helgearbeid 3. kvar helg.

Stordal kommune har fokus på kvalitativ tenesteyting og søkjer etter medarbeidarar som er serviceinnstilt, har gode personlege eigenskapar og vilje til fleksibilitet og fleirfagleg samarbeid. I tillegg er det innan heimeteneste viktig å kunne jobbe sjølvstendig. Relevant arbeidserfaring og vidareutdanning er ein fordel. Helsefagleg autorisasjon og god norsk kommunikasjon munnleg og skriftleg tilsvarande nivå B2 er krav for fast tilsetting. I tillegg til førarkort kl. B må den som vert tilsett legge fram gyldig politiattest.

Stillingsprosent og dato for tiltreding etter avtale. Midlertidig tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar med ønska kvalifikasjonar. Ledig stilling, i utlysnings- og tilsettingsperioden eller grunna intern omplassering, kan bli gitt tilbod om ved tilsetting.  

Stordal kommune tilbyr spennande og varierte omsorgsoppgåver i eit stimulerande arbeidsmiljø. Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lov- og avtaleverk.

Fleire opplysningar om stillinga får du ved å kontakte omsorgsleiar 70279164 eller servicekontor 70279100. Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.

CV vert nytta som utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova § 25 2.ledd.

Søknadsfrist  28.07.2017.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Mosætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS