Fakta om Stordal

 
  I 2008 hadde 4,2% av innbyggarane i Stordal innvandrarbakgrunn frå vestlege land. Gjennomsnittet for Norge er 2,4%.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Storfjorden PPT

Storfjorden PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) er ei interkommunal teneste for Stordal, Norddal, Ørskog og Skodje. PPTsamarbeider nært med, og gir rettleiing til elevar, foreldre/føresette, tilsette i barnehagar, skular og vaksenopplæring. Vi samarbeider òg tett med ulike hjelpetenester som t.d. helsesøster, barnevern og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for å sikre barn og unge eit heilheitleg opplæringstilbod.

Publisert av Martin Vos. Sist endret 29.08.2014
Logo PPT
Logo PPT

PPT er kommunane sin sakkunnige instans når det gjeld vurdering av rett til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Vi kan gi råd og rettleiing både til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule om nyttige tiltak for å gi barnet/eleven god opplæring.

Saker som PPT arbeider med

PPT arbeider både med individ- og systemsaker knytt til område som t.d.:

• Skulefag (t.d. matematikk, lesing og skriving)
• Språk og tale
• Tilpassing
• Sosial og emosjonell fungering
• Nedsett funksjonsevne
• Gode klasse- og skulemiljø

Korleis vi arbeider ved kontoret

For å få best mogleg kjennskap til barnet, ungdommen eller den vaksne sine behov, treng ein god tid til samtale og kartlegging. Samtalar med foreldre/føresette er ein viktig del av undersøkinga ved PP-kontoret. Samtaler med tilsette i barnehage/skule og observasjon er viktige grunnlag for PPT sine vurderingar. På bakgrunn av problemstillinga vert det gjennomført kartleggingar ved hjelp av ulike prøver og testar.



Tilsette:

Kontorleiar/Ped.psyk.rådgjevar: Solfrid Stavdal

Psykolog: Hild May Eide

Psykolog: Marie Ulvestad

Ped.psyk rådgjevar: Øygunn Garseth

Ped.psyk rådgjevar: Anita Vikene

Ped.psyk.rådgjevar: Inger Johanne Grønningsæter

Sekretær: Harriet Listhaug


Om å ta kontakt med PPT

Foreldre/føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PPT. Er det barnehage, skule eller andre instansar som ønskjer at barnet skal tilvisast PP-kontoret, må alltid foreldre/føresette gje skriftleg samtykke.
Tilsette ved PPT har teieplikt. Alle tenester er gratis for brukarane.



Besøksadresse: Ørskog Sparebank, 3. etg

Postadresse: Postboks 248, 6249 ØRSKOG

Tlf.: 70 16 59 60

E-post: post.ppt@orskog.kommune.no

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andershaugen barnehage
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS