Fakta om Stordal

 
  I 2008 var 25% av innbyggarane i Stordal mellom 0 og 17 år, og 5,8% var over 80 år. For heile Norge var desse prosentane 23,0 og 4,6.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kommune har ledig 100% fast stilling som rektor ved Stordal skule

stordal.jpg - Klikk for stort bilde

 

Stordal skule er den einaste skulen i Stordal kommune og omfattar 1.-10. klasse med ca 130 elevar, kulturskule med ca. 50 elevplassar, skulefritidsordning og vaksenopplæring.

 Rektor har øvste pedagogiske og administrative ansvar for alle desse avdelingane.

Heile staben ved skulen består av ca. 17 heile lærarstillingar fordelt på vel 20 lærarar, i tillegg til ca. 100% assistent. Administrasjonen består i tillegg av ca. 80% undervisningsinspektør.

Det ligg i utgangspunktet ikkje fast undervisning til rektorstillinga.

 

 Søknadsfrist:  21 juli 2017.

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 23.06.2017

Stordal kommune har litt over 1000 innbyggarar, og ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. Stordal kommune har eit aktivt næringsliv, og legg til rette for nye, berekraftige næringar gjennom eit fleirårig utviklingsprosjekt, Vekst i Stordal. Det er omlag 160 tilsette i kommunen fordelt på 125 årsverk. Kommunen har eit vidt interkommunalt samarbeid.

Stordal og Norddal kommune har gjort vedtak om å slå seg saman til ny kommune frå 01.01.2020.

 

Stordal kommune marknadsfører seg som Barnas kommune (www.barnaskommune.no), og har høge ambisjonar for skulen. Til stillinga søkjer vi ein rektor som er tydeleg og målretta i leiarskapet sitt og som har evne og vilje til å bygge ein sterk læringskultur hos både tilsette og elevar.

Vi  søkjer ein skuleleiar som er løysingsorientert, engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid, har open og tydeleg kommunikasjon, har gode samarbeidsevne og arbeider målretta med skuleutvikling. Det er i tillegg viktig at leiarteamet ved skulen utfyllar kvarandre og får til ei god pedagogisk, administrativ og personalmessig leiing av skulen sine avdelingar.
 

Leiarutdanning og leiarerfaring  er ønskjeleg. Kvalifikasjonskrav elles er i samsvar med opplæringslova § 9-1.

 

Tilsetting og avlønning skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det er pliktig medlemskap i STP med 2 % pensjonstrekk.  Den som blir tilsett må ved tilsetting legge fram politiattest av nyare dato (jfr. opplæringslova § 10-9). 

Intervju av aktuelle kandidatar vert gjennomført i løpet av august. Tiltreding etter nærmare avtale.
 


For ytterlegare informasjon og spørsmål om stillinga kontakt:

rådmann Anne Berit Løset, tlf. 70 27 91 04 /99 25 44 59

eller kst. rektor Marianne Nakken, tlf. 70 27 91 71 /93 49 84 46.

 

Søknad med CV sendast til Stordal kommune, kommunehuset,  6250 STORDAL eller til postmottak@stordal.kommune.no

           

Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd.




 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

dyrkorn.jpg
dyrkorn.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS