Fakta om Stordal

 
  I 2008 hadde 4,5% av innbyggarane i Stordal innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land. Gjennomsnittet for Norge er 7,2%.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Torsdag den 4. mai hadde Stordal bibliotek besøk av Teaterkompaniet Grep som framførte «Den gåtefulle vegen til den hemmelege staden».

Marihøna Nille møter Kong Snø.jpg - Klikk for stort bilde Vi fekk møte sommarfuglen Nalle og Marihøna Nille. Dei ville reise til den hemmelege staden for å bade, for på den hemmelege staden var det ordentleg vår. Sommarfuglen Nalle flaug av garde, men marihøna Nille ho vart ståande å lure på kvar all snøen tok vegen. Brått hadde ho gått seg vill, og ho visste ikkje kvar Nalle var! På si leiting traff ho mange rare dyr, insekt og plante, og ho måtte løyse mange gåter for å finne den rette vegen. Nille hadde også noko uoppgjort med kong snø, og det kunne vere ganske skummelt for ei lita Marihøne som ikkje tolte snø. Heldigvis fekk Nille god hjelp av borna til å finne vegen. Nalle og Nille fann kvarandre til slutt, og dei kom fram til den gåtefulle staden.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 11.05.2017

Sommarfuglen Nalle.jpg - Klikk for stort bilde Det var ei spanande, morosam og lærerik teaterframsyning. Det var ein imponerande prestasjon av Marianne Løset i Teaterkompaniet Grep, som hadde alle rollene! Omkledinga vart gjort i ein fei, og vi trur ikkje at nokon fanga opp at det var same dama som  var på scena heile tida. Undervegs førte ho ein dialog med underlege skapningar på ein skjerm, og samstundes som ho førte ein god dialog med borna som var publikum. Hatten av for Marianne Løset og Teaterkompaniet Grep! Takk for eventyret!
Stordal bibliotek vil og rette ei stor takk til Møre og Romsdal Fylkesbibliotek for arrangementstøtta som gjorde det mogleg å hente denne framsyninga til Stordal bibliotek.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

bilde.jpg
bilde.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS