Fakta om Stordal

 
  Innbyggarane i Stordal leverte i 2005 598 kg hushaldningsavfall pr. innbyggar. For heile landet er talet på 407 kg pr. innbyggar.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vi er ute etter ein dyktig prosjektleiar – kan det vere deg?

stordal-norddal.png - Klikk for stort bilde

I samband med at Norddal og Stordal kommunar har gjort vedtak om å slå seg saman og danne ein ny kommune frå 1.1.2020, vert det ledig stilling som prosjektleiar frå snarast.

 

Publisert av Ann karin Rudi. Sist endret 18.05.2017

Prosjektleiarstillinga er ei tidsavgrensa stilling til 31.12.2019

Stillinga som rådmann i den nye kommunen vil bli utlyst seinare og med intensjon om at den nye rådmannen kan ta til i stillinga frå 01.01.2019. Prosjektleiaren vil på line med andre kunne søkje på rådmannstillinga når den tid kjem. 

Prosjektleiaren si viktigaste oppgåve vert å leie arbeidet med å bygge den nye kommunen. Dette må skje i nært samarbeid dei to eksisterande kommunane - først og fremst med dei to rådmennene og fellesnemnda, men også i samarbeid med tilsette og tillitsvalde- og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr varierte og utfordrande oppgåver der den som vert tilsett får høve til å vere med å skape ein heilt ny kommune med fokus på gode tenester, lokal næringsutvikling og samfunnsutvikling.

Løn etter avtale.

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant utdanning
  • God kjennskap til kommunesektoren sine oppgåver
  • Erfaring frå prosjektleiing og omstillingsarbeid
  • Erfaring frå offentleg verksemd
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Gode evne til å kommunisere både skriftleg og munnleg
  • Evne til å motivere andre

Interesserte kan ta kontakt med leiar i fellesnemnda: Eva Hove, tlf 97015014

Søknad med CV kan sendast: post@norddal.kommune.no

Ein gjer merksam på at CV vil bli brukt til utvida søkjarliste.

Søknadsfrist: 6. juni 2017

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Båtar i hamna
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS