Små og store kan med andre ord gle seg til førstkomande onsdag, når biblioteket inviterer til koseleg adventstund. Bjørg Moltu vil lese Alf Prøysen sin julefortelling : ” Julekveld hos musefamilien.” I denne fortellinga møter du dei same musene som du har hørt om i ”Musevisa,” men denne julaftan skjer det noko heilt spesielt hos musefamilien.
Vi skal også synge nokre av Alf Prøysen sine julesongar i lag, fortel Bjørg, som med dette ynskjer alle velkomen til triveleg adventstund på biblioteket førstkomande onsdag.
Legg elles merke til at Stordal bibliotek no også har oppretta eiga side på facebook. Dermed vil du kunne få førstehands nyhende ved å fylje biblioteket der. Du kan m.a. få med deg kva nye bøker som er komne inn og anna interessant. Når vi veit at biblioteket vårt år etter år toppar listene når det gjeld besøkstall og utlån, burde det ikkje vere mykje å tvile på!