Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Alt klart for den 12. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn

Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove

Like sikkert som at haustferien kjem, kvart einaste år, er det at unge langrennsløparar frå heile fylket vårt møtast til samling i Stordal då. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.10.2019

Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017 Hallgeir Hove Stordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016 Øyvind Tafjord Stordalshelga i langrenn 2015 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 2015 Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 2014 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 2014 Hallgeir Hove

Langrennsgruppa har altså arrangert denne særs innhaldsrike og flotte samlinga heile elleve gongar/år tidlegare og no står den driftuge gjengen klar til å ta imot utøvarar frå heile fylket vårt for 12. gong. Det heile startar på fredag 4. oktober og så er det full rulle fram til ettermiddagen, søndag den 6. oktober.

 

At Stordalssamlinga er topp, både sportsleg og sosialt, det kan dei skrive under på dei hundrevis av deltakarane som har fått oppleve desse. Det manglar ikkje på lovord verken frå utøvarar, leiarar eller foreldre/føresette. Konseptet er genialt, med base i Stordalshallen og med treningsøkter både i hallen og ikkje minst i heile nærområdet rundt, anten det no er gatelangs, på Kirkebø Stadion eller ute i den flotte naturen i nærområdet.

 

Vi har dekka alle dei tidlegare samlingane og dermed kan både tidlegare deltakarar og utøvarar som enno ikkje har fått vore med  - i tillegg til alle andre som ynskjer ta eit tilbakeblikk - fylje lenkene heilt tilbake til den første samlinga i 2008. Vi har samla alle gruppebilda frå og med 2008, til og med 2018 og også det er det naturlegvis stas å sjå tilbake på.

I vår reportasje frå samlinga i 2018, finn du altså lenkene som går tilbake - år for år - heilt til 2008.

Til deg som evt ikkje har meldt deg på årets samling enn. Her er lenke til Møre og Romsdal Skikrets si side, der du m.a. også finn meir om påmelding.

Til deg som skal ferdast på vegen i området rundt Stordal den komande helga, men då ikkje på rulleski, går det ut ei klar oppmoding om å vise omsyn til desse mjuke trafikantane.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Idyll på Mosætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS