Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

UKM Workshop

Plakat UKM Workshop - Klikk for stort bilde Stordal ungdomsråd/ungdomsklubb inviterer til stor workshop i forkant av UKM lokalmønstring for Stordal og Norddal! Ungdom i alderen 10 (5. klasse) til 20 år er velkomne til å melde seg på! 

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 23.01.2019

Program UKM Workshop - Klikk for stort bilde Det heile vil starte opp søndag den 3. februar og her er det muligheit til å melde seg på ulike workshops – song, dans, band, kunst og foto/film. I tillegg blir det «Open post» - der dei som ønskjer det kan få hjelp til å lage sitt eige UKM- innslag! I UKM (Ung Kultur Møtes) er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er song, fotokunst, cosplay eller moderne dans. 

Det vil også bli eit inspirasjonsforedrag med tema "Korleis bli trygg på scena".

Danseworkshop vil bli med instruktør den 3. februar, øving den 10. februar og med instruktør igjen den 17. februar. 

Songworkshop, bandworkshop, kunstworkshop og open post vil vere på programmet både 3. og 10. februar. 

Foto/film blir ei økt den 10. februar og som avslutning denne dagen vil det bli ein minikonsert og miniutstilling, der dei deltakarane som ønskjer det, få vise fram det dei har øvd på eller laga undervegs.

Workshopane er gratis og blir arrangert på Stordal ungdomsklubb. 

Du MÅ ikkje vere med på UKM sjølv om du deltek på workshops, men arrangørane håper at workshopane kan bidra til auka deltaking under UKM. Det har også tidlegare vore arrangert workshops i forkant av UKM, men aldri i så stort omfang, så dette blir spennande!

Lokalmønstringa for Stordal og Norddal blir arrangert i Stordalshallen søndag 24. februar.

Hugs påmelding innan 30. januar på e-post til bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no.
For spørsmål er det berre å ta kontakt!

Sjå også meir informasjon i program for UKM Workshop (PDF, 335 kB).

Følg gjerne UKM Stordal og Norddal på facebook! 

Arrangementet er støtta av Frifond (Ungdom og fritid), Kulturbyggingsfondet i Fjord kommune og UKM Møre og Romsdal.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Pusken - stølsbilde
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS