Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Berre ein månad att!

UKM 2019 - 10. klasse klare - Klikk for stort bildeUKM 2019 - 10. klasse klare Hallgeir Hove

I skrivande stund er det nøyaktig ein månad att til det er klart for ei ny, flott kulturmønstring her i Stordal. Tradisjonen tru, er det 10. klasse ved Stordal skule som har teke på seg å arrangere og til liks med i fjor har vi slått dette saman slik at også deltakarane frå Norddal kommune vert med her.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.01.2019

Eit av mange høgdepunkt i løpet av året, er lokalmønstringane av UKM og når vi med det første tar fått på februar månad veit vi at det er like før.

Førebuingane til elevane i 10. klasse har pågått i lang tid og alt tyder på at dei er i rute. Til liks med tidlegare år, er det heile lagt opp slik at ein arrangerer lokalmønstringa helga før Årsfest for Stordalshallen. Dette er eit samarbeid som gir mange fordelar både med tanke på utnyttinga av Stordalshallen, med tanke på den omfattande jobben det er å rigge opp og ned og ikkje minst også med tanke på behovet for lyd og lys.

Dei mange som har fått med seg lokalmønstringar i Stordalshallen, veit at dette verkeleg er verdt å ta del i. Eit tilbakeblikk på tidlegare arrangement er ei god stadfesting på dette.

Her kan du sjå reportasjen frå den supre lokalmønstringa i 2018. Frå den, kan du så fylje lenker til alle våre tidlegare reportsjar frå lokalmønstringane her i Stordal, heilt tilbake til 2006!

Så gløymer vi heller ikkje den suverene Fylkesfestivalen av UKM, Stordalssamfunnet stod bak, i april 2018.

For alle som vil delta på UKM, minner vi igjen om at ein kan melde seg på via nettsida. Påmeldingsfristen er sett til søndag den 17. februar. 

 

Stor workshop i forkant!

Vi viser også til eigen reportasje om stor workshop i forkant av lokalmønstringa for Stordal og Norddal!

Ungdom i alderen 10 (5. klasse) til 20 år er velkomne til å melde seg på! Det er Stordal ungdomsråd/ungdomsklubb som står bak, støtta av Frifond (Ungdom og fritid), Kulturbyggingsfondet i Fjord kommune og UKM Møre og Romsdal.

Workshopen er eit unikt tilbod det absolutt er verd å få med seg og det er all grunn til å håpe og tru at oppslutninga vert god.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Trettøye i Røysetdalen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS