Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Bli med til Vikasetra!

Vikasetra.jpg - Klikk for stort bilde

Torsdag 6. juni gå vekas tur til Vikasetra i Fjørå. Setra ligg på sørsida av av Tafjorden, og det blir organisert båtskyss (påmelding). Nytt høvet til å kome deg dit!

Klikk "les mer"

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 05.06.2019

vikasetra2.jpg - Klikk for stort bilde vikasetra3.jpg - Klikk for stort bilde

Båten går over fjorden frå kaia i Fjørå til støa i Kvennhusneset. Derifrå går vi oppover og forbi bruket i Kvennhusneset, som er ein fråflytta fjordgard. Så går vi rett oppover på bratt, men god rås til setra. Turen tek om lag ein time. Gode sko er naudsynt. På setra blir det ein god rast, så ta gjerne med matpakke.
 
Vikasetra har tre sel og ligg høgt og fritt, 480 moh. Dette er setra for gardane Kvennhusneset, Osvika og Vika. Vika ligg på andre sida av fjorden, så folket derifrå måtte i båt når dei skulle til seters. Vikasetra er kanskje mest kjent for å vere gøymestaden for seks russarar på slutten av andre verdskrigen. Elida Tafjord, som budde på Kvennhusneset, gjekk opp til dei med mat, utan at andre i heimen hennar visste om det. Det var ikkje lett å fø seks personar utan at det gjekk utover matlageret, så ho måtte skulde på god matlyst! Noko mat fekk ho også frå kontakter på Sylte. Selet som dei budde i står enno.
 
Turen tek totalt 3-4 timar. Mette Marie Døving er lokal vegvisar og gjestfritt vertskap. Kontakt henne for informasjon og påmelding til skyss, tlf 91819187. For å berekne skyssbehov ber vi om påmelding innan same dag kl 13. Det vil bli skyss over fjorden kl 17-18 (fleire gongar etter behov).
 
Skyss kr 100 pr person, barn under 16 år gratis (kontant eller Vipps). Ta gjerne med eigne redningsvestar.
 
Det er også muleg å gå langs stranda til fjordgarden Osvika og bli henta der på returen. Dette kan avtalast undervegs.
 
Nytt høvet til å sjå kommunen vår frå ein annan, og for mange ukjent, kant. Bli med på ei vandring i lokalhistorien!
 
 
Program vidare framover:
 
Torsdag 13. juni går turen til Storsvingen og trimløypa i Tafjord. 
Her blir det ei historisk vandring forbi den første kraftstasjonen i bygda.
 
Måndag 17. juni: Bispevatnet ved Trollstigen
 
Onsdag 19. juni: Rundt Kleiva, ved Langsetrane, Stordal
 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Løsetsætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS