Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Viktig og flott MOT-foredrag med Stein Bratseth

MOT-foredrag med Stein Bratseth - her saman med rektor ved Stordal skule, Marianne Nakken - Klikk for stort bildeMOT-foredrag med Stein Bratseth - her saman med rektor ved Stordal skule, Marianne Nakken Hallgeir Hove

Dei rundt 40 som hadde teke turen til Stordalshallen sist onsdag, angra nok ikkje på at dei gjorde akkurat det. Viktigare tema finnast knapt og når foredragshaldaren heiter Stein Bratseth, ja då blir det enkelt og greit bra.

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.08.2019

MOT-foredrag med Stein Bratseth - Klikk for stort bildeMOT-foredrag med Stein Bratseth Hallgeir Hove MOT-foredrag med Stein Bratseth - Klikk for stort bildeMOT-foredrag med Stein Bratseth Hallgeir Hove MOT-foredrag med Stein Bratseth - Klikk for stort bildeMOT-foredrag med Stein Bratseth Hallgeir Hove MOT-foredrag med Stein Bratseth - Klikk for stort bildeMOT-foredrag med Stein Bratseth Hallgeir Hove

I førehandsreportasjen om foredraget kunne vi mellom anna lese at Bratseth har "eit unikt spekter av personlige og profesjonelle erfaringar å spele på i si rolle som føredragshaldar, gjennom sine mange års arbeid for eit tryggare og varmare samfunn." Foredraget i grendasalen sist onsdag, bar tydeleg preg av dette og i tillegg kan vi legge til at foredragshaldaren verkeleg fanga publikum si interesse. Her var det ingen som verken sakna ein pause undervegs, eller anna, for å seie det sånn. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at denne karen tidlegare har mottatt mykje av både heider og ære.

Utan at vi skal gå i detalj på alt det Bratseth kom inn på, kan vi iallefall slå fast at temaet - som nemnt - knapt kan bli viktigare og det angår i høgste grad oss alle! Eit av ordtaka Bratseth kom inn på i foredraget sitt viser med all tydlegheit nettopp det.

Ordtaket, som opprinneleg er afrikansk, går slik: "It takes a village to raise a child".
Det handlar enkelt og greit om at det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn. At eit heilt samfunn av mennesker må samhandle med barna for at dei skal oppleve å vekse opp i eit trygt og sunt miljø. 

At dette då var eit foredrag midt i blinken for deg som komande forelder, forelder, for deg som har med barn og unge å gjere anten det no er på jobben eller i fritida, for deg som livspartnar, eller rett og slett for deg som interessert vaksen, er det liten tvil i.

For dei av dei frammøtte, som evt hadde teke del i foredrag med liknande tema tidlegare, vart dette garantert gjevande likevel. Det handlar nettopp om dette med å ha evne til å formidle eit bodskap og det å site inne med så mykje nyttig erfaring som det Stein Bratseth gjer.

Vi tek sjansen på å takke Stein, på vegne av alle samtlige av dei frammøtte. Dette var verkeleg flott - og ikkje minst nyttig - å få med seg! Sjølvsagt også takk til skulane i Eidsdal, Valldal og Stordal, som var dei som sytte for at den dyktige foredragshaldaren tok turen hit til oss.

Så kan vi gle oss over at Fjord kommune også blir ei MOT-kommune!

Sjå gjerne også førehandsreportasjen for meir

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS