Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 23.05.2018
17. mai 2018 - toget i Stordal

Det vart nokre flotte feiringar av nasjonaldagen vår, både på Dyrkorn og i Stordal. Strålande sol og akkurat passe varmt - ikkje minst for dei mange bunadskledde - bidrog også til at dette vart ein suveren dag. Også arrangementsmessig, gjekk alt som det skulle og dermed kan alle sjå tilbake på nok ei vellukka feiring av nasjonaldagen vår.

Publisert 16.05.2018
kaffekopp.png

Stordal torsdag 24. mai kl. 09.00
I dagsenteret på Stordalstunet.

 

Valldal tysdag 29. mai kl. 09.00
I dagsenteret på sjukeheimen.


Ein stad der politikarar, administrasjon og innbyggjarar
møtast til ein uformell prat.


Velkomen!

Publisert 15.05.2018
hageavfall.jpg

På Vinjesanden kan du levere hageavfall kvar dag frå kl. 07:30 til 15:30.

NB! Berre hageavfall

Om bommen er nede er den likevel ikkje låst, berre pass på å lukke den igjen etter deg.

Miljøfarleg avfall (den raude boksen) leverast på den mobile miljøstasjonen måndagar. Bestill henting innan fredag kl. 12.00 veka før du vil ha avfallet henta. Vel dato i skjema: du kan kun velje ein dato per bestilling. Klikk her for å bestille henting av (miljø)farleg avfall.

Publisert 14.05.2018
Ytste Skotet - vårstemning 2018

Kirsi Räty er, som kjent, avdelingsleier for Ytste Skotet. Fjellgarden som også er eit levande museum i heile sommarhalvåret. Ho kan no melde at dei har opna for sesongen. Sjå meir om kva ho skriv om dette. Det er ikkje reint lite som skal skje framover!

Publisert 11.05.2018
Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik

Vi nærmar oss nasjonaldagsfeiring rundt om og dermed er det også slik at det straks berre er fire veker att til ein annan stor folkefest, nemleg Stordalscup. For alle som veit kor suverent dette arrangementet er, blir det no m.a. også viktig å forsikre seg om at alle har fått ordna med påmelding til turneringa.

Publisert 11.05.2018
17. mai 2017 - Stordal

Feiringa av 17. mai er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte, også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert 07.05.2018
Vårkonsert Stordal skulekorps 2017

Stordal kommune ynskjer også i 2018 å løyve midlar, som kan stø opp om det frivillige kulturarbeidet. Lag og organisasjonar kan difor søkje på kulturmidlar. Merk søknadsfristen, som også dette året er sett til 1. juni.

 

Publisert 26.04.2018
Lygnugariene, Vilma.jpg

Vilma Lygnugariene er i mai vikar som 50 % psykisk helsarbeider i Stordal kommune. Ho er også psykisk helsarbeider i Norddal kommune.

Kven vi er her for: Alle, unge og voksne, som har behov for hjelp når livet er vanskeleg.

Personar med psykisk liding som over tid treng bistand til å meistre livet sitt. Det kan òg vere personar med akutte behov i ein tidsavgrensa periode.

Psykisk helsearbeider held til i 2.etasje helsehuset i Stordal sentrum (inngang på same side som helsestasjonen).
I mai er kontoret er ope onsdag og fredag, samt annakvar torsdag (partalsveker).

Publisert 17.04.2018
Ryddeaksjon.jpg

Nyleg fekk eg besøk på kontoret av ein gut i andre klasse som ville ha hjelp til å organisere ein ryddeaksjon i Stordal kommune. Guten heiter Sondre, og han meinte at dersom alle rydda rundt der dei bur, så ville det bli fint og ryddig.

Eg synest dette er eit fint initiativ, og lova at eg skulle hjelpe han med å få til ein slik ryddedugnad.
 

Publisert 16.04.2018

Sjå offentleg kunngjering frå Nordre Sunnmøre Landbrukskontor om minsterarealet for hjortejakta i Stordal nedanfor ved å klikke på Les mer.

Frist for innspel / synspunkt: innan 31. mai 2018

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS