Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 18.06.2018
Vasskrane

Det vert avstenging av vasstilførsel for delar av Stordal måndag 18. juni frå ca kl.10:00 - 10:30 p.g.a. utbetring av vassleidning.


Abonnentar i Stordal sentrum og Hovsstranda vert berørt av dette.

Publisert 15.06.2018
Kommunevåpenstordalnorddal

Protokoll frå møte i Fellesnemnda 12. juni 2018

Klikk her

Publisert 15.06.2018
Songseminar med Maria H Tøsse, Stordalscup 2018

Endeleg er dagen komen og heile Stordalssamfunnet kan ynskje gjestar frå fjern og nær, velkomen til den 38. utgåva av Stordalscup! No er det ikkje før i morgon det skikkelege cupveret kjem og difor er Maria H Tøsse sin familiekveld med allsong, samt song- og musikkprogrammet i regi Barnas supersommar, flytta inn i Stordalshallen.

Publisert 08.06.2018
Charles Tøsse mottek pokal, diplom og merke, frå NSF

Stordal IL vart stifta i 1918. Det er nøyaktig 100 år sidan det, og ikkje minst innan ski-idrettane har det driftuge laget gjort seg bemerka. Det kan vi i høgste grad slå fast har vore tilfelle også i moderne tid.

Publisert 06.06.2018
Stordalscup 2018 - program (forside)

I skrivande stund er det berre 8 dagar att til "folkefesten over alle folkefestar"! Vi snakkar sjølvsagt om Stordalscup og i dag kunne arrangørane i fotballgruppa til Stordal IL også presentere programmet for årets utgåve. Dette er den 38. utgåva av Stordalscup folkens! Enkelt og greit eineståande flott!

 

 

Publisert 06.06.2018
Barnas Supersommar - program 2018 (framside)

Ein ny sommar er i full gong og det er siste innspurt på skulane rundt om. Tradisjonen tru, presenterer vi ei oversikt over ein del av dei mange aktivitetstilboda og arrangementa framover, under fana: Barnas Supersommar.  

Publisert 05.06.2018
sommarles.png

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1-7 klasse delta på Sommarles 2018. 

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, inkludert dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart.
 

Publisert 01.06.2018
Bålsamtale 2015

 

Brannfaren er storgrunna langvarig tørke og vedvarende vind. 

Difor er det FORBOD MOT BRUK AV OPEN ELD OG GRILLAR AV ALLE SLAG UTANDØRS I STORDAL KOMMUNE.

Forbodet er heimla i Brannvernlovens §5 og 14 og gjeld inntil vidare. Dette melder rådmannen.

Eventuelle spørsmål kan stillast til Stig Busengdal tlf: 91 11 42 43

Publisert 31.05.2018

Med heimel i pbl. § 12-10 har Stordal kommune vedtatt å leggje reguleringsplanforslag for H60 ut til offentleg ettersyn. Det er opent for innspel og merknader til planen. Planforslaget legg opp til bygging av opp til 67 nye fritidsbustadeiningar sør for stølen Kvitlane og skal ta stilling til m.a. skiløype med fleirplanskryss og skibru.

 

Publisert 15.05.2018
hageavfall.jpg

På Vinjesanden kan du levere hageavfall kvar dag frå kl. 07:30 til 15:30.

NB! Berre hageavfall

Om bommen er nede er den likevel ikkje låst, berre pass på å lukke den igjen etter deg.

Miljøfarleg avfall (den raude boksen) leverast på den mobile miljøstasjonen måndagar. Bestill henting innan fredag kl. 12.00 veka før du vil ha avfallet henta. Vel dato i skjema: du kan kun velje ein dato per bestilling. Klikk her for å bestille henting av (miljø)farleg avfall.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Trettøye i Røysetdalen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS