Publisert 21.11.2017
Julegrantenning 2016

Tradisjonen tru, vert det julegrantenning også i år. I Stordal skjer dette søndag 3. desember, medan det er på laurdagen markeringa finn stad på Dyrkorn. I Stordal er det også denne gongen 9. klasse, som står som arrangør og ein startar naturlegvis ved julegrana på Almenningen og så held arrangementet fram ved frivilligsentralen etterkvart. På Dyrkorn verdt det som vanleg servering av gløgg, saft og pepperkaker.

Publisert 20.11.2017
Kommunevåpenstordalnorddal

Her er dei oppnemnte arbeidsgruppene i prosjektperioden for bygging av Fjord kommune.

 

Arbeidet som vil verte lagt til arbeidsgruppene vil gå på å få oversikt og kartlegge dei ulike tenesteområda i kommunane. Organisering, planar, avtalar, interne reglement,  samarbeidsavtalar, interkommunale samarbeid mm. vert ein del av det ein må arbeide seg gjennom.

28.november 09.00-15:00 blir det oppstartsmøte for arbeidsgruppene på Martin Linge-huset i Valldal.


Klikk "les mer" for å sjå dei oppnemnte arbeidsgruppene

Publisert 17.11.2017
Charis i Rosekyrkja

Vi har tidlegare laga reportasjar om det store CD-prosjektet til vokalgruppa Charis. No er CD´n klar til å sleppast, noko som naturleg nok har fått stor merksemd også i media. Ikkje rart det, når ein veit kor profesjonelt det heile har vore og kor dyktige desse ungdomane er. Søndag 26. november inviterer gruppa også til eigen platesleppkonsert i Stordal kyrkje og før den tid vert det - blant mykje anna - også tur innom NRK Møre og Romsdal sitt studio.

Publisert 17.11.2017
Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017

Laurdag 11. november inviterte Stordal Hornmusikklag til nok ein konsert i Stordalshallen. Denne gongen hadde dei fått med seg Vatne Hornmusikklag og Stordal Skulekorps. I tillegg vart det også eit kjekt møte med fire nye aspirantar 

Publisert 17.11.2017
rev.jpg

Vedtak i formannskapsmøtet 1. november 2017 under sak 051/17.

Det ligg ikkje føre nokon dokumentasjon på at desse to artane gjer skade av noe større betydning for næringsaktivitet i kommunen. Likeins finst det heller ingen dokumentasjon på at skotpremie har bidratt til å redusere noko skade på næring i kommunen i dei åra ein har praktisert skotpremie.

Publisert 16.11.2017
Kommunevåpenstordalnorddal

Det vert med dette kalla inn til møte i Fellesnemnda for Norddal og Stordal
tysdag den 21.11.2017 kl. 17:00 på rådhuset i Valldal.

Publisert 15.11.2017
Logo biblioteket

Biblioteket er stengt torsdag 23. november p.g.a møte.

Publisert 09.11.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen

Initiativtakar, Kjell Nilsen, kunne konstatere at denne festen - til minne om det ærverdige ungdomshuset vårt og ungdomslaget - var blitt så vellukka som ein knapt kunne våga håpe på. Festlyden talte over 250 og dei alle responderte med trampeklapp for å hylle dei om lag 50 som hadde vore med på å stelle i stand det heile.

Publisert 27.10.2017
Lege sprøyte

Ein ny influensasesong står for døra. Nær 1,5 million menneske i Noreg har auka risiko for komplikasjonar av influensasjukdom og vert tilrådd å ta influensavaksina kvart år.

Publisert 05.10.2017
lege

Du kan no som pasient ved Stordal legekontor bestille time og fornye resept på nettsida besøklegen.no. Følg link for å opprette brukar.

Oppfordrar alle pasientar til å ta dette i bruk.

Legetimar for bestilling på nett er tilgjengeleg  f.o.m 16. oktober, ved behov for legetime før det, ringer du som tidlegare til legekontoret.
 

Første Forrige | Neste Siste