Publisert 20.09.2019
Kulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe og ordførar Eva Hove

Under gårsdagens møte i kommunestyret, vart Stordal kommune sin kulturpris for 2019, delt ut. Det var, som kjent, Anna Margrethe Drægebø Moe som var mottakar og bakgrunnen for tildelinga var m.a. den store innsatsen ho har lagt ned (og framleis legg ned) både for Stordal IL og Mental Helse Stordal.

 

 

Publisert 19.09.2019
mitt møre og romsdal.png

Møre og Romsdal fylkeskommune har publisert ei spørjeundersøking, kalla ‘Mitt Møre og Romsdal’, der vi innbyggjarane får høve til å komme med våre innspel om framtida til fylket.

Det er viktig å fortelje korleis du ønsker å ha det i Møre og Romsdal i framtida. Klikk deg inn på denne lenka og svar på ei kort spørjeundersøking. Då kan du også vere med i trekninga av fine Lannulva-produkt.

Publisert 18.09.2019
Informasjonsmøte med Innovasjon Norge, okt 2019

Innovasjon Norge har utfordra landbruksforvaltninga her lokalt, til å halde dette informasjonsmøtet og det er liten tvil om at både tema og innleiarar er særs interessante. Møtet er kome kome i stand takka vere eit samarbeid mellom Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven og det re Stordal kommune, ved landbrukskontoret, som er vertskap.

Publisert 18.09.2019
Inspirasjonskveld

 

Frivilligsentralen i Norddal og Stordal frivilligsentral inviterer til inspirasjonskveld i Martin Linge- huset, tysdag 24. september kl. 18:30. 

Publisert 17.09.2019
Verdensdagen for psykisk helse 2019 - plakat

Skodespelar Per Christian Ellefsen, for mange kjent for rolla si som «Elling», kjem til Stordal på markeringa av Verdensdagen for psykisk helse. Dette skjer i Stordalshallen, søndag den 29. september, med oppstart kl 16.00.

Publisert 12.09.2019
Stordal kommune - kommunevåpen

Norsk Sjømat Oppdrett AS søker Stordal kommune om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for å kunne etablere akvakulturanlegg. Det gjeld Smineset ved Dyrkorn og Urdaneset (ved Knurrestøa).

Høyringsfrist: 2. oktober 2019

Klikk på Les mer for å sjå heile artikkelen og vedlegga.

Publisert 12.09.2019
Heimstevatnet

Bli med på fellestur! NB! Ny dato: Søndag 22. september er du invitert på fjelltur frå Langsætrane i Stordal til Valldalssetra i Valldal.

NB! På grunn av dårlege vermeldingar for laurdag 14. september er turen utsett til søndag 22. september.

 

 

Publisert 12.09.2019
Stordal kommune - kommunevåpen

Stordal kommune har vedtatt å leggje reguleringsplanforslaget ut til offentleg ettersyn no når at tiltakshavar har svart ut deo punkta som vart påpeikt under 1. gongs handsaming. Planforslaget legg opp til eit utbyggingsområde for om lag 30 fritidsbustader på Lien. 

Frist for å levere merknad: 24. oktober 2019  

Klikk på Les mer for å sjå plandokumenta.

Publisert 12.09.2019
Stordal Barnekor, øving sept. 08 VI

Vi kan no presentere ei samla oversikt over mykje av det som skjer av faste aktivitetar frå veke til veke. Her finn ein ikkje minst også informasjon om når dette skjer og kven som er kontaktpersonar for aktivitetane.

 

 

 

 

 

Publisert 11.09.2019
Kommunevåpenstordalnorddal

Faste representantar er merka med 2 stjerner, vararepresentantar er merka med 1 stjerne.

Fjord kommunestyre 2019-2023

Les møteprotokollen til valstyret her.

Første Forrige | Neste Siste