Det er ønskeleg å inngå ein rammeavtale med fleire kvalifiserte rørleggjarleverandørar for rørleggjartenester og materiell i høve drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur og eigedom frå 1.1.2020. Frist for å levere tilbod er søndag 15.desember kl. 1200.
Les utlysingsteksten her.
Ein ny influensasesong står for døra. Nær 1,6 million menneske i Noreg har auka risiko for komplikasjonar av influensasjukdom og vert tilrådd å ta influensavaksina kvart år.
Fjord kommune har hatt sitt konstituerande kommunestyremøte, der Eva Hove vart vald til ordførar og Viktor Valdal til varaordførar.
Klikk "les mer" for å sjå heile kommunestyret og formannskapet
Nasjonalt senter for e-helseforskning melder om følgjande i ei pressemelding 6. oktober 2019: Innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke deltek i ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom.
Frå og med laurdag 5. oktober 2019 vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS kor ein blir bedt om å svare på ein kort spørjeundersøking. Det vil tek ca. 5 minutter å svare. Les heile pressemeldinga ved å klikke på Les mer.
Fjord kommune har hatt ein delegasjon på eldsjelsamlinga til MOT på Hell. MOT samarbeider med 300 skular i Norge for å bygge robust ungdom. På eldsjelsamlinga treffast alle involverte skular, instruktørar og ambassadørar for fagleg påfyll, inspirasjon og utveksling av erfaringar.
Møre og Romsdal fylkeskommune har publisert ei spørjeundersøking, kalla ‘Mitt Møre og Romsdal’, der vi innbyggjarane får høve til å komme med våre innspel om framtida til fylket.
Det er viktig å fortelje korleis du ønsker å ha det i Møre og Romsdal i framtida. Klikk deg inn på denne lenka og svar på ei kort spørjeundersøking. Då kan du også vere med i trekninga av fine Lannulva-produkt.
Det er opent for levering av hageavfall på Vinjesanden,
kvardager frå kl. 07.30 - 15.30
Om du har behov for å levere hageavfall utanom opningstid,
ta kontakt for avtale på tlf: 70 27 91 00
Det er kun anledning til å levere hageavfall på Vinjesanden.
Mange innbyggjarar har enno ikkje tatt i bruk digital postkasse. Vi ønskjer å informere om tilbodet slik at fleire kan ta imot digital post frå kommunen.
Tilsettingsutvalet for Fjord kommune har gjort tilsetting på fleire sentrale stillingar.
Klikk på les mer.