Publisert 18.10.2017

Statens Vegvesen søkjer vertskap til kafè og servicebygg på Gudbrandsjuvet frå sesongåpninga i 2018.

Gudbrandsjuvet ligg langs nasjonal turistveg Geiranger- Trollstigen i Norddal kommune. Klikk på Les mer nedanfor for å lese konkurransegrunnlag og øvrige dokument for meir informasjon.

Tilbodsfrist: 6. november 2017

 

 

 

Publisert 16.10.2017
UKM - logo

Stordal kommune er tildelt neste års UKM fylkesmønstring! Vi blir dermed medarrangør på lik line med Møre og Romsdal musikkråd og det er ikkje til å legge skjul på at vi ser på dette som ei stor ære. I løpet av helga frå den 27. t.o.m den 29. april, vil det bli rett så folksamt her, som ein sikkert skjønar. Berre talet på deltakarar blir fort nærare 400 og i tillegg kjem alt av presse, lyd- og lysfolk, ledsagarar og ikkje minst publikum!

Publisert 16.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - øving 15. oktober

Kjell Nilsen og Johan Vinje har hatt nokre hektiske dagar i telefonen, etter at det vart opna opp for påmelding til Breidablikfesten. Det er altså på laurdag den 28. oktober det skal skje og med berre to dagar att til påmeldingsfristen går ut no vert det nok ikkje mindre hektisk for dei to. Det er nemleg anten ved å ringe dei, eller sende ein SMS, ein melder seg på til denne festen. 

Publisert 16.10.2017
Lege sprøyte

Årets influensavaksine er forsinka frå produsenten. Forventa oppstart av vaksinering vil skje frå veke 44.

Publisert 16.10.2017
 Kommunevåpen

Stordal kommune er inne i ein omstillingsprosess og har ledig nyoppretta leiarstilling for autorisert sjukepleiar. Vernepleiar er og velkommen til å søkje. Eininga open omsorg vil i den nye strukturen
bestå av heimetenesta og butenesta. Søknadsfrist: 31 oktober

Publisert 11.10.2017
 Kommunevåpen

Stordal skule er ein 1-10 skule med ca. 130 elevar. Undervisninga ligg på fleire årssteg i grunnskulen i inntil 50% stilling fordelt på fire dagar. Alle fag kan vere aktuelle, herunder samfunnsfag på ungdomssteget.

Søknadsfrist 01.11. 2017.

Vi ynskjer å få tilsett ein person med formell kompetanse, samt gode evner til pedagogisk leiing og kollegialt samarbeid. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tiltreding snarast.
 

Publisert 10.10.2017
Det kongelige kulturdepartementet

Kulturdepartementet lanserte den 2. oktober nytt fagsystem, nye nettsider og søknadsskjema for tilskotsordningane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Målet er naturlegvis m.a. å oppnå eit forbetring og forenkling i høve til det gamle.  

Publisert 09.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat

Det er i skrivande stund 19 dagar til Breidablikfesten 28. oktober 2017 og arrangørane melder om god respons frå såvel bygdafolk som andre. Det er tydeleg at det er mange som vil ha med seg denne festen, der det er ærverdige Breidablik og Stordal Ungdomslag, som skal stå i fokus. 

Publisert 09.10.2017
Naturspion 2017 - vinnarar

I høve «Barnas supersommar» kunne ein i haust vere naturspion. Langs vegen til Stikk UT-måla Kokarsteinen, Elvaforbygninga og Grigås natursti kunne ein finne ting som ikkje høyrer til i naturen. Tinga låg på same plassane nokre dagar, for så å verte bytta ut med jamne mellomrom. Fann ein alt, kunne ein få 17 poeng. No kan vi altså presentere dei dugande vinnarane.

Publisert 09.10.2017
Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017

Stordalshelga i langrenn vart arrangert for 10. året på rad, denne helga. På programmet stod, ikkje mindre enn fem treningsøkter, der det både var styrke og koordinasjon i Stordalshallen, samt barmark og rulleski i nærområdet rundt. På søndagen var det som vanleg tid for konkurransar. I tillegg til alt dette, fekk deltakarane også tilbod om klatring og bading.

Første Forrige | Neste Siste