Fakta om Stordal

 
  Stordal kommune dekker eit område på 249 km2
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 09.10.2017
Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017

Stordalshelga i langrenn vart arrangert for 10. året på rad, denne helga. På programmet stod, ikkje mindre enn fem treningsøkter, der det både var styrke og koordinasjon i Stordalshallen, samt barmark og rulleski i nærområdet rundt. På søndagen var det som vanleg tid for konkurransar. I tillegg til alt dette, fekk deltakarane også tilbod om klatring og bading.

Publisert 05.10.2017
lege

Du kan no som pasient ved Stordal legekontor bestille time og fornye resept på nettsida besøklegen.no. Følg link for å opprette brukar.

Oppfordrar alle pasientar til å ta dette i bruk.

Legetimar for bestilling på nett er tilgjengeleg  f.o.m 16. oktober, ved behov for legetime før det, ringer du som tidlegare til legekontoret.
 

Publisert 02.10.2017
puslespel

 

 

 Målsettinga med fagdagen er å informere om, og fremme bruken av individuell plan.

Fagdagen er eit samhandlingsprosjekt og finn stad i bystyresalen på Ålesund Rådhus.

Arrangementet er gratis.

Brukarar, pårørande, brukarorganisasjonar, fagpersonar og tilsette i kommune og helseføretak, politikarar, NAV og andre interesserte er velkomen!

Påmelding innan 1. november 2017

Publisert 20.09.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane

Det har ei tid blitt arbeidd med underhaldningsprosjektet "Breidablikfesten", som har til føremål å vekkje til live minne om aktivitetar og hendingar på det ærverdige ungdomshuset vårt på Øvrebust og lagsarbeidet til Stordal Ungdomslag (1893 – 1989).

Ein vil prøve å få fram stemningar og glimt av historia knytt til ungdomshuset. I programdelen vert det gjensyn med fleire av dei som stod på scena og dreiv lagsarbeidet siste tiåra av Breidablik-epoken. Det vert elles matservering og sjølvsagt dans etterpå. Det er berre å sette av datoen: Her ligg alt til rette for ein skikkeleg mimrekveld. 

Publisert 19.09.2017
gründerpris

Norges Vel treng hjelp til å finne gode kandidatar til Gründerprisen 2018. Søknadsfrist for tildelinga i 2018 er 1. november 2017. Prisen vert tildelt personar som har gjort ein særskilt innsats i eige lokalsamfunn, organisasjon eller bedrift. Det er ofte lokale eldsjeler og gründarar som bidreg til naudsynt vekst og utvikling i lokalsamfunnet. Gjennom denne prisen ynskjer ein å premiere og oppmuntre deira innsats.

Publisert 28.07.2017
 Kommunevåpen

Stillingar som tilkallingsvikarar er ledig. Det kan søkjast heile året. Tilsetting etter behov og avhengig av kvalifikasjonar og personlege eigenskapar hjå søkjar. Opplæring vil bli gitt.

Publisert 29.06.2017

Eva Hove, som er leiar i fellesnemnda for Norddal og Stordal, har laga eit informasjonsskriv om arbeidet med kommunesamanslåing. Namneforslaga til nytt kommunenamn er også systematisert og publisert. 

Informasjonsskriv (PDF, 200 kB)

Namneforslaga (PDF, 194 kB)

Publisert 26.04.2017
Logo NAV Storfjorden

 

 

Frå 24. april vil ikkje publikumsmottaket i Stordal vere ope for anna enn forhåndsavtalte møter . For andre henvendingar kan du bruke våre heimesider www.nav.no eller ringe vårt kontaktsenter på tlf 55 55 33 33.

Du kan også bruke pbulikumsmottak i Ørskog som er ope måndag og onsdag kl 10 – 15, eller i Norddal som er ope onsdagar kl 10-15

 

Publisert 24.04.2017

 

 

Fylkesmannen kan løyve tilskot til praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som kan bidra til at måla i klima og miljøprogrammet 2017 blir nådd.

Publisert 24.04.2017
Ørskog skulekorps april 2017

Sist laurdag var det Ørskog skulekorps som var på besøk. Dei la opp til marsjtrening og aktivitetsopplegg her hjå oss, som ein del av programmet på øvingshelga si.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Grøn, våt mose i Jolbotnen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS