Publisert 16.10.2017
UKM - logo

Stordal kommune er tildelt neste års UKM fylkesmønstring! Vi blir dermed medarrangør på lik line med Møre og Romsdal musikkråd og det er ikkje til å legge skjul på at vi ser på dette som ei stor ære. I løpet av helga frå den 27. t.o.m den 29. april, vil det bli rett så folksamt her, som ein sikkert skjønar. Berre talet på deltakarar blir fort nærare 400 og i tillegg kjem alt av presse, lyd- og lysfolk, ledsagarar og ikkje minst publikum!

Publisert 16.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - øving 15. oktober

Kjell Nilsen og Johan Vinje har hatt nokre hektiske dagar i telefonen, etter at det vart opna opp for påmelding til Breidablikfesten. Det er altså på laurdag den 28. oktober det skal skje og med berre to dagar att til påmeldingsfristen går ut no vert det nok ikkje mindre hektisk for dei to. Det er nemleg anten ved å ringe dei, eller sende ein SMS, ein melder seg på til denne festen. 

Publisert 09.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat

Det er i skrivande stund 19 dagar til Breidablikfesten 28. oktober 2017 og arrangørane melder om god respons frå såvel bygdafolk som andre. Det er tydeleg at det er mange som vil ha med seg denne festen, der det er ærverdige Breidablik og Stordal Ungdomslag, som skal stå i fokus. 

Publisert 09.10.2017
Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017

Stordalshelga i langrenn vart arrangert for 10. året på rad, denne helga. På programmet stod, ikkje mindre enn fem treningsøkter, der det både var styrke og koordinasjon i Stordalshallen, samt barmark og rulleski i nærområdet rundt. På søndagen var det som vanleg tid for konkurransar. I tillegg til alt dette, fekk deltakarane også tilbod om klatring og bading.

Publisert 05.10.2017
Logo - Elatec AS

I dag er det Elatec AS vi har gleda av å kunne presentere for dykk. For alle idrettsklubbar, barnehagar, skulefritidsordningar, skular samt andre offentlege institusjonar, vil det vere eit sjakktrekk å kjenne til alt det denne verksemda, lokalisert like utanfor Kristiansand, har å tilby. Så gledar vi oss sjølvsagt framleis like mykje over at det vert stadig meir populært å delta på vårt profileringskonsept!

Publisert 03.10.2017
Ørskog Angels.jpg

Konfirmanttreff på laurdag og englebesøk på søndag er vel akkurat slik det bør vere det, ikkje sant? Slik vart det i alle fall denne helga, når Ørskog Angels la opp til turntrening på teamtrack´n i Stordalshallen søndag og ungdom frå Skodje, Ørskog og Stordal var på plass dagen før.

Publisert 03.10.2017
Konfirmanttreff 2017

Laurdag den 30. september var det klart for nok eit nytt konfirmanttreff og det vart då det tredje i rekkja, etter at det var liknande opplegg både i 2015 og i 2016. Også denne gongen var det ungdom frå Skodje, Ørskog og Stordal med, totalt ca 60. I tillegg til Stordalshallen, vart også skulen teken i bruk og det vart gjennomført eit tettpakka program frå kl 12.00 og fram til kl 17.00.  

Publisert 26.09.2017
Aksla IL J 11, sept 2017

Denne helga var det J 11 - laget til Aksla IL, som besøkte Stordalshallen. Det var full pakke med handball, frå laurdag morgon til godt utpå søndagen. Men i tillegg rakk dei også å prøve ut ein heil del andre kjekke aktivitetar og ikkje minst å ha det veldig sosialt saman.  

Publisert 23.09.2017
Stordal skulekorps

Det er på tide å presentere eit nytt oppsett, som omfattar mange av dei faste tilboda innan kulturfronten i Stordal kommune. I tillegg til det som står i denne, er det sjølvsagt også mykje anna som skjer. Då kan vi vise til eigen kulturkalender og til ei rad nettsider og sosiale media.

Publisert 20.09.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane

Det har ei tid blitt arbeidd med underhaldningsprosjektet "Breidablikfesten", som har til føremål å vekkje til live minne om aktivitetar og hendingar på det ærverdige ungdomshuset vårt på Øvrebust og lagsarbeidet til Stordal Ungdomslag (1893 – 1989).

Ein vil prøve å få fram stemningar og glimt av historia knytt til ungdomshuset. I programdelen vert det gjensyn med fleire av dei som stod på scena og dreiv lagsarbeidet siste tiåra av Breidablik-epoken. Det vert elles matservering og sjølvsagt dans etterpå. Det er berre å sette av datoen: Her ligg alt til rette for ein skikkeleg mimrekveld. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove