Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 04.03.2015

Legetenesta i Stordal heldt til i det nye helsehuset i Stordal sentrum.
Michael Aasen er tilsett som kommuneoverlege.

Her finn du informasjon om legevakt og opplysningar om korleis du nyttar legevakta best.

Publisert 14.05.2013
logo - hvajkostertannlegen.no

Forbrukerrådet har nylig lansert www.hvakostertannlegen.no, på oppdrag frå helsemyndigheitene. Nettstedet gir forbrukerane prisoversyn over dei mest vanlege tannbehandlingar i landet, både offentlege og private.

Publisert 07.03.2013
Logo folkehelseinstitutt

Folkehelseinstituttet har publisert folkehelseprofilar 2013 for kommunane. Det er andre gongen folkehelseprofilane blir utgitt. Folkehelseprofil 2013 for Stordal kommune finn du her 

Publisert 17.01.2013
Logo

Veiledningssenteret er eit tilbod til pårørande til rusavhengige i Møre- og Romsdal,  Sør- og Nord- Trøndelag. Senteret er eit lavterskeltilbod som ikkje krev henvisning. Dei gir tilbod same dag som dei vert kontakta, så sant dei ikkje er på tenestereise.

For fleire opplysningar kan du gå inn på følgjande lenke http://veiledningssenter.no/midt-norge

Publisert 10.01.2013

Krisesenter for Sunnmøre

Dette er et interkommunalt tilbod for kvinner, barn og menn av alle nasjonalitetar som er, eller har vore, utsett for psykisk og fysisk vald. Ein kan vere utsatt for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, ektefelle, barn og barnebarn eller andre. Tilbodet er gratis. Ein kan ta direkte kontakt med Krisesenter for Sunnmøre, og treng ikkje tilvising  eller timeavtale. Ein kan få støtte og råd på telefon gjennom både dagtilbod og døgntilbod. Her er eit trygt og mellombels butilbod (aleine eller saman med born).

Vi hjelper med kontakt til naudsynt støtteapparat og skal sikre oppfølging.

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesund:

Krisesenter for Sunnmøre- avdeling kvinner  tlf. 70 16 33 33
Krisesenter for Sunnmøre- avdeling menn    tlf. 90 70 74 33

Meir informasjon om tilbodet på nettsida til krisesenteret

Direkte lenke: http://alesund.kommune.no/sub/krisesenter/  

Publisert 17.10.2012
Doktor

Det er utarbeidd forslag til Utviklingsplan mot 2030 for Helse Møre og Romsdal HF som er sendt ut på høyring.
Stordal formannskap skal behandle høyringsdokumentet på møte onsdag 17.oktober 2012.
Du finn høyringsdokumentet og alle dokument i saka her

Publisert 19.07.2012

Stordal kommunestyre vedtok Ruspolitisk plan for perioden 2012 - 2016, reglement for sals- og skjenkeløyve, samt retningsliner for brot på alkohollova i møte 27. juni 2012 under sak 042/12.

Ruspolitisk plan, reglement og retningsliner finn du på linkane nedanfor: 

Publisert 28.11.2011
Hender
Misbruker du alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket. Kommunen kan gi også råd og hjelp til familien. Du har dessutan krav på dei same tenestene etter sosialtenestelova (§ 6-1) og kommunehelsetenestelova (§§ 1-3 og 2-1) som alle andre.

Det er fleire tenester i kommunen som jobbar med og har tilbod til menneske med rusproblem.

Publisert 24.01.2011

Mottar du fleire typar tenester frå kommunen over lang tid, kan du ha rett til å få ein individuell plan. Dette er ein plan som omfattar tenester til deg som person. Hensikta er å sjå alle tenestene du mottek i samanheng, slik at du får større tryggleik og forutsigbarheit, og eit mest mulig heilskapleg og tilpassa tilbod.

Ein individuell plan skal beskrive dine mål, ressursar, behov for tenester og tiltak, og beskrive kva virkemidlar som kan vere aktuelle for deg. Den gir ikkje fleire rettar, men skal vere eit verktøy for samarbeid mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane.

Det er ikkje nødvendig å ha individuell plan for alle tenester, berre for dei tenestene det kan vere nyttig å koordinere. Det er heller ikkje noko krav å ha ein individuell plan sjølv om du mottek fleire tenester, og planen kan ikkje utarbeidast utan ditt samtykke. Du, eller dine pårørande, må sjølv vere aktivt med i heile planprosessen.

Kven kan ha nytte av ein Individuell plan?
Du må ha behov for fleire typer tenester over lang tid for å ha rett til individuell plan. Det kan for eksempel vere aktuelt for personar som har langvarige fysiske eller psykiske lidingar eller utviklingshemming.

Planen skal beskrive dei mål som er viktig for deg innan områder som for eksempel:

· helse og åtferd
· barnehage/skule/arbeid
· bustad
· nettverk/fritid
· kommunikasjon
· buforhold
. økonomi

Lover og retningslinjer.
Lov om helsetenesta i kommunen §6-2a.
Lov om sosiale tenester § 4-3a
Lov om Psykisk helsevern § 4-1
Pasientrettighetsloven § 2-5
Lov om spesialisthelsetenesten § 2-5
Forskrift om habilitering og rehabilitering 2001
Individuell plan 2007 - Veileder til forskrift om individuell plan
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, kap. 5
Veileder frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdept. 2001
Spesialundervisning i grunnskole og videregående opplæring
Rundskriv I-3/2004: Samarbeid mellom tenesteytere som gir tilbod til barn og unge under 18 år med nedsatt funksjonsevne - bruk av individuell plan 

Ta kontakt med psykisk helsearbeider Inga Janonyte for meir info om Individuell plan og tilbod om Individuell plan for personar med psykiske lidingar.

Publisert 10.11.2010

Overgrepsmottaket er eit interkommunalt overgrepsmottak der fleire kommunar, deriblant Stordal, er med i samarbeidet.

Målgruppa er ungdom og voksne av begge kjønn på Sunnmøre som har vore utsett for seksuelle overgrep og vold i nære relasjonar.

Opningstid: Heile døgnet.
Pris: Gratis
Besøksadresse: Ålesund interkommunale legevakt
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Tlf.: 70 14 31 13

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersgarden
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS