Organisering: Opningstida for SFO er før og etter skuletid mellom kl. 07.30 - 16.30 på alle kvardagar.
SFO er også ope i skuleferiane – med unntak av juleferien, påskeferien og 4 veker om sommaren.
Vilkår: Tenesta er finansiert gjennom foreldrebetaling og kommunale midlar.
Heimel: Opplæringslova
Kommunale retningslinjer for SFO i Stordal kommune:
-
Stordal kommune eig og driv Stordal skulefritidsordning som er lagt til Stordal skule. Formannskapet er politisk fagnemnd for SFO.
-
Føremålet med ordninga er å vere eit godt omsorgs- og fritidstilbod til barn på småskulesteget med grunnlag i statlege forordningar og kommunale vedtak om driftsrammer.
-
Nynorsk målform skal så langt råd er, nyttast i songar og litteratur i SFO.
-
Samarbeidsutvalet for Stordal skule er styre for SFO. Rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for ordninga, medan dagleg leiar har ansvaret for den praktiske drifta.
-
Tilbodet er friviljug og foreldrebetalt, og er ope for elevar i 1. - 4. klasse.
-
Tilbodet er ope alle vekedagar frå kl. 07.30 til skulestart og frå skuleslutt og fram til kl. 16.30. På elevfrie dagar i skuleåret og i skulen sine feriar har SFO opningstid mellom kl. 07.30 og 16.30. (Jf. SFO- og skulerute)
-
Arealutnyttinga av leike- og opphaldsareal vert sett til 3 m2 pr. barn i ordninga.
-
Foreldrebetalinga blir fastsett av kommunestyret i budsjett- handsaminga, og gjeld komande skuleår.
Søskenmoderasjon vert gjeve med 30% for barn nr. 2 og 50% pr. barn f.o.m. 3. barn. Søskenmoderasjonen vert utrekna med grunnlag i talet på søsken i barnehage og SFO.
-
Dersom oppseiing av plassen på SFO skjer etter den 15. i månaden, må foreldra betale for dei to påfølgjande månadene. Dersom oppseiinga skjer før den 15. i månaden, må det kun betalast for ein påfølgjande månad.
Oppseiinga skal etter dette vedtaket gjerast skriftleg
(inkl. endringar i pkt 6 og 8 vedtatt av kommunestyret hausten 2010)
Kostnad: Satsane blir fastsett av kommunestyret kvart år.
Satsar skuleåret 2019/2020
Saksgang: Hovudopptak ved SFO er om våren.
Søknadsfrist i april/mai - sjå eigen artikkel.
Inntaksnemnda (undervisningsinspektør, dagleg leiar SFO + leiar for Samarbeidsutvalet) gjer ei vurdering av søknadene. I utgangspunktet vil inntaksnemnda legge til grunn stort sett same inntakskriterium som i barnehagen - dvs:
-
Funksjonshemma barn
-
Barn som kommunelege, helsesøster, sosialteneste, PPT eller andre sakkunnige instansar gjennom skriftleg uttale meiner har særlege behov for SFO-tilbod
-
Yngre elevar blir i utgangspunktet prioritert framfor eldre elevar
-
Barn som bur slik til at dei har lite kontakt med andre barn eller bur trafikkfarleg til
-
Barn av einslege forsytarar, eller med foreldre som treng avlastning pga. sjukdom eller andre årsaker
-
Den eine eller begge foreldra er under utdanning
Ved SFO har ein elles løpande vurdering av opptak gjennom heile året.
Søknadsskjema: Informasjon og søknadsskjema SFO 2019/2020 (PDF, 182 kB)blir utdelt til alle aktuelle elevar på skulen og ved innskriving av nye elevar i første klasse. Ein kan også få søknadsskjema ved å vende seg til servicekontoret i 1. etg. i kommunehuset.