Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Det har kome mykje bra ut av idedugnadar og framtidskveldar tidlegare! (her frå idedugnad knytt til etableringa av Barnas kommune i 2009) fotograf Bjørnar Midtbust
Logo - Møre og Romsdal Idrettskrets
Møre og Romsdal idrettskrets har særs gode erfaringar med desse prosessane. Første framtidskvelden avvikla dei i 2000.
Logo Stordal frivilligsentral
Stordal Frivilligsentral er i høgste grad oppe og går! Eigen frivilligplan kan bidra til ytterlegare samhandling og utvikling

Framtidskveld torsdag 3. mai

Stordal kommune skal revidere planen for idrett og fysisk aktivitet, samt starte arbeidet med ein eigen frivilligplan. Det er avgjerande for prosessane, at så mange som mulig deltek. Framtidskvelden vil vere eit unikt høve for alle til å kome med innspel.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.04.2012

Det er Møre og Romsdal idrettskrets, som har regien under framtidskvelden. Liknande opplegg vart gjennomført i 2003, i samband med oppstarten på revideringa av delplanen den gongen. Slik sett kan ein også kalle dette ei oppstartmøte. Les meir om korleis idrettskretsen sin framtidskveld artar seg, i eige vedlegg nedst på sida.

Denne gongen vil framtidskvelden også ha fokus på at eigen frivilligplan skal på plass.

Framtidskvelden vert på Stordalshallen, torsdag 3. mai kl 18.00

Sjå eigen plakat, samt detaljar om prosessen i eigne vedlegg nedst på sida.

Det er kanskje ikkje naudsynt å peike på kor viktig det er å delta denne kvelden. Alle har vi sikkert meiningar om kva som fungerer bra, evt kva som bør verte betre innanfor desse viktige områda.


Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 

Fyljande hovudmål er nedfelt i eksisterande plan:

Alle i Stordal kommune skal ha eit tilbod om fysisk aktivitet og naturopplevingar ut frå eigne behov og føresetnader.

Tilbod til barn og unge skal prioriterast.

I tillegg til at det i denne planen er nedfelt kva mål kommunen har innan dette området, er det også slik at planen vil belyse kva ein konkret skal/bør få på plass av anlegg og aktivitetar framover. Mykje kan vi sikkert hevde fungerer godt og mange anlegg har vi alt på plass, men det er likevel viktig å få innspel frå flest mulig.

Det er viktig å peike på at ei slik revidering av planen er langt meir omfattande enn det som skjer i samband med dei årlege rulleringane av handlingsdelen (der ein som kjent kan kome med innspel på konkrete tiltak). Den reviderte planen vil slik sett ha fokus på dei komande 4 åra. Men i tillegg skal den også sjå lengre framover i tid (vanlegvis 12 år). Det vil m.a. vere naturleg å få på plass ei liste over anleggsprosjekt ein ser føre seg det kan vere ynskjeleg å realisere på litt lengre sikt. (tiltak som ligg inne i den langsiktige delen, kan i neste omgong kome inn på prioritert liste, i samband med dei årlege rulleringane av planen)  

Om det skulle vere nokon tvil, er det greit å peike på at fysisk aktivitet vert definert som eigenorganiserte trenings- og mosjonsaktivitetar, inkludert friluftsliv og aktivitetar prega av leik.   

Frivilligplan

Med ein slik plan vil ein m.a. kunne synleggjere det frivillige arbeidet i Stordal kommune, og kva det frivillige arbeidet betyr for lokalsamfunnet. Planen vil også kunne belyse dei største utfordringane innan det frivillige arbeidet. Det skal vere ein plan som kan vere med å stimulere til samhandling og vidareutvikling mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.


Vi kan med rette hevde at idrett, fysisk aktivitet og frivilligheit har ein sentral posisjon i kommuna vår. Det er difor all grunn til å tru at mange lag, organisasjonar, velforeiningar, kommunale råd og avdelingar vil vere representerte under framtidskvelden.

Det er viktig å få med at også einskildpersonar bør møte fram og vere med på å stake ut kursen vidare.

Ein vil sist men ikkje minst peike på at det er viktig at grupper med særskilte behov, som t.d. barn, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, har sine talspersonar også i høve framtidskvelden.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS