Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Det er sunt å nynne

Torsdag 14. mars kl 14.00 er det klart for ny kulturkafé på Stordalstunet. Denne gongen får vi ei konsertførestilling av Marianne Kostøl, ein solid veteran i viseverda.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.03.2013
Marianne Kostøl til Stordalstunet
Marianne Kostøl til Stordalstunet

Med gitar, song og trefløyter framfører Marianne Kostøl både kjende og mindre kjende norske songar. Gjennom programmet fortel ho historiar og forteljingar og det vert allsong og småprat. Fløytespelet er spenstig, vakkert og vel verdt å lytte til!

Marianne Kostøl har m.a. skrive kjende songar til Holmenkollen, Fakkelstafetten OL-94 og NM på ski - 99.

Folkeakademiet skriv i sitt turnéprogram at ein time med Marianne Kostøl er ein time med glede!

På Stordalstunet denne torsdagen er det sjølvsagt muligheit for å kjøpe seg kaffi og kaker. Om du treng skyss kan du kontakte Serviceskyss på telefon 975 40 050.

Marianne Kostøl er for tida på turné i regi av Folkeakademiet Midt-Norge og kl 17.30, torsdag 14. mars, vert det også ei eiga barne- og familieforestilling på Stordalshallen med ho.

Meir om Folkeakademiet

Meir om serviceskyss

Meir om Marianne Kostøl

Sjå plakat nedanfor. 

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Solnedgang over Fausa
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS