Under det siste rennet på Stavsengfjellet i 2005, vart det delt ut premiar til dei ivrigaste i Stordalscupen. | Fotograf: Hallgeir Hove
Langrennsgruppa i SIL, ei av mange grupper med stor aktivitet. Frå avslutningsrennet i 2005. fotograf Hallgeir Hove
Stordal IL er eit av mange aktive lag i Stordal kommune. Syver-Karl sitt medlemskort frå 1918 er det første som vart skrive ut.
Stordal IL, vart stifta i 1918. Første medlem i laget var Karl S. Hove

Oversikt over lag og organisasjonar

Det er mange ulike lag og organisajonar i Stordal kommune. Under "Kultur" vil vi prøve å få til ei oversikt over alle dei som naturleg sorterer inn under dette.

I Stordal kommune er det stor aktivitet innan kulturområdet. Alle lag og organisasjonar kan registrere seg i eige skjema på heimesida vår og vi oppmodar med dette alle lag og organisasjonar, knytt til kulturområdet, om å gjere nettopp det. (sjå menyval til venstre på sida vår)

Inntil vidare presenterer vi den oversikta vi har laga. Den oversikta som ligg inne no, er oppdatert pr. 10. august 2012 og ein ber om at det vert meldt frå, dersom det er feil eller det skulle oppstå endringar som gjer at oversikta bør oppdaterast. Sjå link til oversikta nedanfor.